Får det best på Bygdøy

Eit nytt Kulturhistorisk museum blir truleg bygd på Bygdøy. Det er klart etter at dei siste analysane av trafikken og av sikringa av vikingskipa viser at det let seg gjera. Me meiner at det er den beste løysinga både for vikingskipa, for publikum, for Universitetet i Oslo og for Oslo by.  

BEST FOR VIKINGSKIPA: Både vikingskipa og eit nytt kulturhistorisk museum får det best på Bygdøy,skriv Uniforum-redaktør Martin Toft

Foto: Ola Sæther

Med den siste trafikkanalysen frå Asplan Viak og risikoanalysen frå dei tre selskapa Brekke og Strand Akustikk A/S, Cowi A/S og Norconsult A/S har dermed regjeringa frie hender til å ta den avgjerda forskingsminister Tora Aasland sannsynlegvis har hatt lyst til å ta heile tida, nemleg å vedta at eit nytt Kulturhistorisk museum skal byggjast på Bygdøy i bufellesskap med vikingskipa.

For eitt år sidan skreiv Uniforum på leiarplass at når det er så mykje tvil om kva konsekvensar ei flytting frå Bygdøy til Bjørvika vil få for vikingskipa og dei andre gjenstandane, så vil den aller beste løysinga vera at eit nytt Kulturhistorisk museum blir bygd der Vikingskipshuset ligg i dag, altså på Bygdøy. Me synest sjølvsagt at det er bra at statsråd Tora Aasland og regjeringa truleg kjem til å landa på det same standpunktet.

Og når også tidlegare byrådsleiar Erling Lae no har skifta meining og ber om at vikingskipa blir verande på Bygdøy, så tyder det på at argumenta for å byggja eit nytt Kulturhistorisk museum på Bygdøy, veg sterkare enn argumenta for å byggja det i Bjørvika eller dela museet mellom Bygdøy og Bjørvika.

Sjølvsagt kan Lae ha endra standpunktet sitt fordi han er blitt fylkesmann i det opphavlege heimfylket til Osebergskipet og Gokstadskipet, og kastar seg på kampanjen for å få vikingskipa tilbake til Vestfold. Argumentet er at dersom vikingskipa kan flyttast til Bjørvika, kan dei også flyttast til Vestfold. Me er ikkje så sikker på at det er eit særleg godt argument, men i alle fall rår Erling Lae dagens Oslo-politikarar til å halda seg musestille om ei mogleg flytting av vikingskipa.

Dagens byrådsleiar Stian Berger Røsland har stått fast på at nytt Kulturhistorisk museum må byggjast i Bjørvika, trass i at trafikkanalysen og risikoanalysen viser at det fint let seg gjera å byggja eit nytt stort museum på Bygdøy utan at bydelen vil bli kvelt av trafikk og utan at vikingskipa og dei andre gjenstandane blir skadelidande i ein byggjeperiode. Dessutan blir det 220 millionar kroner billegare å byggja på Bygdøy.

Det tener Tora Aasland til ære at ho utsette den endelege avgjerda for å få gjennomført trafikkanalysen og risikoanalysen. No er konklusjonane klare. Om ikkje Oslo-politikarane bøyer seg for fakta, så bør i alle fall Universitetet i Oslo gjera det.
Alle må no bidra til at eit nytt Kulturhistorisk museum blir eit toppmoderne museum som på ein best mogleg måte kan formidla fortida til dagens og framtidas generasjonar.

Lokaliseringskampen bør difor no vera over.

 

Emneord: Museene, Vikingskipshuset Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 3. juni 2010 16:36 - Sist endra 2. sep. 2014 14:14
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere