Engasjementet lever!

Jusstudentane skal ha honnør for at dei set menneskerettane i Iran på dagsordenen igjen. Det viser at det internasjonale engasjementet absolutt lever mellom dagens studentar.

VISER ENGASJEMENT: Jusstudentane som står bak Menneskerettighetsuka viser eit ekte engasjement for menneskerettane både i Noreg og i utlandet.

Foto: Ola Sæther

Denne veka arrangerer Amnesty Internationals juridiske studentnettverk ”Menneskerettighetsuka” i Frokostkjelleren på Det juridiske fakultetet. Opningsmøtet med utanriksminister Jonas Gahr Støre trekte ei forsamling på godt over 300 personar. Dei aller fleste var unge studentar. Onsdag var det 800 som ville høyra fredsprisvinnaren Shirin Ebadi  fortelja om menneskerettssituasjonen i Iran.400 av dei blei avviste i døra fordi lokalet var for lite.

Det er svært imponerande at jusstudentane har klart å få tak i slike trekkplaster til ”Menneskerettighetsuka”. – Berre det at de kjem hit for å delta på eit møte om menneskerettar, viser at de har eit engasjement, sa utanriksminister Jonas Gahr Støre i talen sin. Me er heilt einige med han. Ei heil veke med møte og debattar rundt menneskerettane viser at personane bak Amnesty Internationals juridiske studentnettverk er opptatt av andre ting enn berre å lesa seg opp til eksamen. Dei viser i praksis at menneskerettar også handlar om liv og død for folk i andre delar av verda.

Naturlegvis bør jusstudentar vera engasjerte av det, sidan det gjeld dei fleste av oss, og i alle menneskerettssaker er juristar involverte. Samtidig tar dei også opp fagkritiske spørsmål og har invitert til debatt om kvifor menneskerettane enno ikkje formelt er innførte i norsk lov. Eit aktuelt tema som ytringsfridomen blir også tatt opp. Den siste mottakaren av Fritt Ord-prisen, Nina Karin Monsen blei invitert til å diskutera dette. Ikkje alle er einige med henne, men ingen er i tvil om at ho har brukt ytringsfridomen sin til fulle i dei fleste forum.

Likevel er det viktigaste no at fredsprisvinnar Shirin Ebadi får brukt ein universitetsarena til å oppfordra oss alle til å kjempa for menneskerettane til folket i Iran. Me deler hennar oppmoding om å snakka mindre om atompolitikken og meir om at regimet må visa større respekt for menneskerettane til dei 70 millionar innbyggjarane i Iran. For dei er det viktig at me alle bryr oss om dei, og at me skil mellom dei og styresmaktene i landet.

Jusstudentane skal ha honnør for at dei set menneskerettane i Iran på dagsordenen igjen. Det viser at det internasjonale engasjementet absolutt lever mellom dagens studentar.
 

Emneord: Menneskerettar, Jus, Iran Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 19. feb. 2010 16:57 - Sist endra 2. sep. 2014 14:14
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere