Ein fredspris som gir håp

For Universitetet i Oslo er det grunn til å vera stolt over at fredsprisvinnar Liu Xiaobo var på eit lengre studieopphald her i 1988. Det er lov å håpa at han fekk ein del av inspirasjonen til å kjempa for menneskerettane og ytringsfridomen i Kina, då han var i Oslo.

FREDSPRISVINNAR: Fredsprisvinnaren Liu Xiaobo var på eit lengre studieopphald ved UiO i 1988.

Foto: Voice of America, Wikipedia

Fredag 8. oktober kunngjorde Nobelkomiteen at dei hadde bestemt at Nobels fredspris for 2010 skulle gå til den fengsla kinesiske dissidenten Liu Xiaobo. Grunngjevinga for prisen var kampen hans for menneskerettane i Kina. Han er også hovudmannen bak Charter 08, som tar til orde for at dei kinesiske styresmaktene må etterleva det som står i Kinas grunnlov om ytringsfridom og rett til kritikk av dei som styrer landet. Liu Xiaobo var også ein av leiarane for studentdemonstrasjonane i 1989 som enda med blodbadet på Den himmelske freds plass.

For Universitetet i Oslo er det grunn til å vera stolt over at fredsprisvinnaren var på eit lengre studieopphald her i 1988. Det er lov å håpa at han fekk ein del av inspirasjonen til å kjempa for menneskerettane og ytringsfridomen i Kina, då han var i Oslo.

Me tykkjer Nobelkomiteen har gjort eit klokt val og håpar det gir Universitetet i Oslo endå meir inspirasjon til å halda fram med den viktige menneskerettsdialogen med Kina. Det er Norsk senter for menneskerettar ved UiO som leier dette arbeidet, og som difor har innpass direkte inn til den kinesiske intelligentsiaen, anten dei står på styresmaktene si side eller er kritiske til dei kinesiske styresmaktene. Menneskerettsdialogen har gjort at kinesiske forskarar har kome til UiO for å granska offentleglova og for å sjå på gjennomføringa av stortingsvalet i 2009. Det finst også eit utstrekt samarbeid med Kina på andre juridiske område.

For Universitetet i Oslo har fredsprisen til Liu Xiaobo enno ikkje fått negative konsekvensar, slik andre institusjonar i Noreg har opplevd. Den same dagen som namnet på fredsprisvinnaren blei kunngjort, skreiv eit helsesenter ved Beijing University under på ein samarbeidsavtale med Det medisinske fakultetet ved UiO. Førebels har ikkje Kina sagt noko om at dei vil oppheva denne eller andre samarbeidsavtalar på grunn av at fredsprisen har gått til ein kinesisk ”folkefiende”.

Det er viktig at dialogen og samarbeidet med Kina held fram på alle forskingsområde, ikkje berre når det gjeld menneskerettar, men også innanfor teknologi, naturvitskap, medisin og humanistiske og samfunnsfaglege fag. Berre gjennom god kontakt og opne samtalar får folk tillit til kvarandre.

Derfor gratulerer me forskaren Liu Xiaobo med prisen og håpar den gir UiO inspirasjon til å halda fram kontakten både med styresmaktene og med opposisjonen i Kina.
 

Emneord: Kina, Menneskerettar Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 21. okt. 2010 11:51 - Sist endra 2. sep. 2014 14:14
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere