Bruk media!

Dagens rektorat lovde at UiO skulle bli endå meir synlege i media om dei fekk styra universitetet. Nesten eitt år etter ser det ut til at dei har lykkast med det.

GODT STOFF: Dei vitskaplege funna rundt apefossilet Ida i mai i fjor, gjorde både Ida og UiO til godt stoff for media. (Arkivfoto)

Foto: Ola Sæther

I alle fall viser statistikken frå Opoint at tala på treff for UiO i media har auka. Margareth Bentsen i Kommunikasjonsavdelinga meiner dette handlar om ei profesjonalisering av mediearbeidet ved UiO.

Samtidig insisterer kultur- og debattredaktør Knut Olav Åmås i Aftenposten i eit intervju i dagens Uniforum på at dette handlar om ei heilt medviten satsing frå deira side. Det er eit resultat av intensjonen hans om å bringa stoff frå universiteta og høgskulane ut til lesarar som i dag i større grad enn før har utdanning frå universitet og høgskular.

Me trur at begge har rett. UiO-rektor Ole Petter Ottersen likar å ha kontakt med aviser og kringkasting. Han brukar seg sjølv for å fremja UiO sine interesser. Ikkje minst har han vore flink til å understreka kor viktig forskinga er for utviklinga av det norske samfunnet.Om UiO hadde ein rektor som ikkje likte seg i media, ville truleg heller ikkje oppslaga om UiO vore like mange som i dag.

På den andre sida må det også poengterast at mange saker om UiO heilt sikkert hadde kome, uansett kven som var rektor. Det gjeld ikkje minst oppslaga om trakassering og dårleg arbeidsmiljø på odontologi og arbeidsrettssaka mot mellomalderprofessor Arnved Nedkvitne.

Mange vil seia at det er langt lettare å få negative enn positive oppslag i media. Men rektor Ole Petter Ottersen og universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe har klart det kunststykket å få to oppslag i Aftenposten om strategiarbeidet ved UiO. Mange pressemedarbeidarar vil nok rekna dette som for sært til å få spalteplass.

Med den nye hovudsida til UiO, er det blitt langt lettare for universitetet å flagga dei mest aktuelle sakene på nettet. Me håpar det ikkje tyder at det berre er glansbiletet av UiO som skal visast der. Også kritiske artiklar om institusjonen må få plass.

Då viser UiO at det er eit ope universitetet med rom for kritikk og debatt.

 

Emneord: Strategisk plan, Informasjonsavdelinga, Rektorvalget 2009, Media, Universitetspolitikk Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 17. juni 2010 12:12 - Sist endra 2. sep. 2014 14:14
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere