Uniforum meiner fra 2010

Publisert 9. des. 2010 06:00

Jubileumsåret 2011 må vera det perfekte året for å markera tre av dei verdskjende forskarane som har sett Universitetet i Oslo på kartet. 

Publisert 18. nov. 2010 11:56

Om ikkje det er mogleg å be om meir, så kunne Teknisk avdeling kanskje ha gjort eit unntak for internhusleiga i jubileumsåret 2011. Då er jo målet at det skal vera masse liv og aktivitetar på Blindern og på resten av universitetsområdet.

Publisert 4. nov. 2010 06:00

No har bruken av mellombelse stillingar blitt kartlagt. Difor er det viktig at det blir innført ordningar som gjer at både arbeidstakar og arbeidsgjevar kan planleggja framtida, og at det blir eit balansepunkt mellom økonomisk tryggleik og naudsynt fleksibilitet hos begge partar.

FREDSPRISVINNAR: Fredsprisvinnaren Liu Xiaobo var på eit lengre studieopphald ved UiO i 1988.
Publisert 21. okt. 2010 12:00

For Universitetet i Oslo er det grunn til å vera stolt over at fredsprisvinnar Liu Xiaobo var på eit lengre studieopphald her i 1988. Det er lov å håpa at han fekk ein del av inspirasjonen til å kjempa for menneskerettane og ytringsfridomen i Kina, då han var i Oslo.

BUDSJETTPRESENTASJON: Kunnskapsminister Kristin Halvorsen og forskingsminister Tora Aasland presenterer forslaget til statsbudsjett for 2011.
Publisert 7. okt. 2010 06:00

Det er ingen grunn til å krisemaksimera situasjonen for universiteta og høgskulane i Noreg, samanlikna med situasjonen i land som me gjerne likar å samanlikna oss med, som til dømes Storbritannia og USA.  

PÅ OFFENSIVEN: Rektor Ole Petter Ottersen har godkjent dei språklege retningslinjene for UiO. Me tykkjer dette viser at UiO no ynskjer å vera på offensiven i uforminga av ein språkpolitikk for framtida, skriv Uniforum på leiarplass.
Publisert 23. sep. 2010 06:00

Dei språklege retningslinjene viser at Universitetet i Oslo no ynskjer å vera på offensiven i utforminga av ein språkpolitikk for framtida.

GOD SAMHANDLING: Dei vitskaplege tilsette og administrasjonen må samhandla. UiO-rektor Ole Petter Ottersen og universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe la i fellesskap fram utkastet til strategisk plan 2020.
Publisert 2. sep. 2010 13:20

Det tener ikkje universitetet om administrasjonen og dei vitskaplege tilsette står i skyttargravene og skjeller kvarandre ut. Begge partar må visa at dei respekterer dei andre sine arbeidsoppgåver som like verdifulle som det dei sjølve driv på med.

Publisert 19. aug. 2010 06:00

Universitetet i Oslo er blitt saksøkt av to personar som meiner dei har krav på fast stilling etter stipendiatperioden. Dette er eit meiningslaust krav, og me forstår godt at UiO protesterer.

GODT STOFF: Dei vitskaplege funna rundt apefossilet Ida i mai i fjor, gjorde både Ida og UiO til godt stoff for media. (Arkivfoto)
Publisert 17. jun. 2010 12:43

Dagens rektorat lovde at UiO skulle bli endå meir synlege i media om dei fekk styra universitetet. Nesten eitt år etter ser det ut til at dei har lykkast med det.

BEST FOR VIKINGSKIPA: Både vikingskipa og eit nytt kulturhistorisk museum får det best på Bygdøy,skriv Uniforum-redaktør Martin Toft
Publisert 3. jun. 2010 16:43

Eit nytt Kulturhistorisk museum blir truleg bygd på Bygdøy. Det er klart etter at dei siste analysane av trafikken og av sikringa av vikingskipa viser at det let seg gjera. Me meiner at det er den beste løysinga både for vikingskipa, for publikum, for Universitetet i Oslo og for Oslo by.  

SPRÅKMELDING: Professor Helge Hveem la fram språkmeldinga "Snart to hundre" i mars 2006. I meldinga gjekk utvalet inn for tiltak som skulle byggja opp under utviklinga av eit norsk fagspråk, men med parallell bruk av engelsk og andre framandspråk der det er naturleg. (Arkivfoto)
Publisert 6. mai. 2010 07:00

Nokre fagmiljø ser ut til å tru at satsinga på internasjonalisering vil seia at det er fritt fram å annonsera ledige stillingar på engelsk i norske aviser. Dette er misforstått internasjonalisering.

Publisert 15. apr. 2010 14:58

Programserien ”Hjernevask” har på godt og vond fått fart på forskingsdebatten i Noreg. Og då handlar det ikkje om pengar, men om forholdet mellom ulike forskingsdisiplinar. Dermed har Eia-debatten gitt opphavsmannen Harald Eia ein plass i ”forskingshistoria”.

FORSKAR I ASYL: Boneza Rumvegeri var professor i geologi og rektor ved Universitetet i Goma i Kongo då styresmaktene starta forfylginga av han. I 2002 fekk han forskarasyl ved Noregs geologiske undersøking i Trondheim ved hjelp av organisasjonen Scholars at Risk. (Arkivfoto: Gudmund Løvø, NGU)
Publisert 11. mar. 2010 11:50

I Noreg er akademisk fridom blitt lovfesta. Også i USA og i dei fleste andre demokratiske land er det berebjelken i rettane til alle vitskaplege tilsette.Uniforum meiner det også bør inn som ein kategori i dei internasjonale rangeringane av universiteta.

VISER ENGASJEMENT: Jusstudentane som står bak Menneskerettighetsuka viser eit ekte engasjement for menneskerettane både i Noreg og i utlandet.
Publisert 19. feb. 2010 17:05

Jusstudentane skal ha honnør for at dei set menneskerettane i Iran på dagsordenen igjen. Det viser at det internasjonale engasjementet absolutt lever mellom dagens studentar.

PREMIERT FORMIDLING: I 2006 fekk Apollon Fagpressas forsidepris for denne førstesida.
Publisert 5. feb. 2010 16:36

Behovet for formidling blir i stor grad underkommunisert i utkastet til Strategisk plan 2010-2020. I endå større grad blir innovasjon overkommunisert.

DET GAMLE REKTORATET: Tidlegare viserektor Inga Bostad, tidlegare rektor Geir Ellingsrud og tidlegare prorektor Haakon Breien Benestad entrar UiOs årsfest i 2008.
Publisert 21. jan. 2010 10:15

Samarbeidsproblema kan i verste høve ha gått ut over i kva grad rektoratet hadde høve til å markera Universitetet i Oslos interesser overfor dei løyvande styresmaktene og i samfunnsdebatten.