Viktig opprydding!

Universitetsleiinga skal ha honnør for å ha vist vilje til å setja i verk naudsynte tiltak for å rydda opp i arbeidsmiljøet på laboratoria til Universitetet i Oslo, meiner Uniforum.

BESØKTE LABORATORIUM: Universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe, og viserektor Ragnhild Hennum blir vist rundt i eit laboratorium av professorane Kjetill S. Jakobsen og Eli K. Rueness og senterleiar Nils Chr. Stenseth (t.v) ved SFF-senteret CEES. Lengst til høgre hovudverneombod Mette Børing.

Foto: Ola Sæther

I førre veke kom selskapet Safetec med ein rapport som dokumenterer svikt og dårlege rutinar ved bruk av farlege kjemikaliar på Biologisk institutt. Rapporten er laga på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet etter at professor Frode Olsgard har gått til erstatningssak mot UiO. Årsaka er at han fekk diagnostisert uhelbredeleg lungekreft på grunn av at han hadde jobba med stoffet formaldehyd. 

Det var først etter at Universitas hadde bede om å få utlevert rapporten at den blei kjent for universitetssamfunnet og resten av landet. Universitetsleiinga skal ha honnør for å ha vist vilje til å setja i verk naudsynte tiltak for å rydda opp i arbeidsmiljøet på laboratoria til Universitetet i Oslo. Difor set dei no i gang ei heilt naudsynt kartlegging av tryggleiken i alle dei 874 laboratoria til universitetet.

– Me har ingen grunn til å tru at dei tinga som kjem fram i rapporten, berre gjeld for Biologisk institutt, seier viserektor Ragnhild Hennum og universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe til Uniforum.Dei sender difor ut brev til alle fakultet og museum for å få eit oversyn over risikomomenta knytte direkte til laboratoria.I første omgang vil dei ha utarbeidd minstekrav for laboratoriedrifta ved UiO, og saman med verneombod vil universitetsleiinga gå på synfaring i utvalde laboratorium for å få oversyn og for å auka medvitet om tryggleiken i laboratoria.

Denne veka var både universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe og viserektor Ragnhild Hennum på synfaring i laboratoria til forskingssenteret CEES ved Biologisk institutt. Då fekk dei sett skinnande reine laboratorium som er gode døme på korleis alle laboratoria på UiO helst bør sjå ut.Senteret har også innført eit anna av tiltaka som universitetsleiinga no ynskjer å innføra på heile universitetet. Dei har ei sertifiseringsordning for både studentar og tilsette som brukar laboratoria.

Det kjem også til å bli gjort ei risikovurdering og gått gjennom rutinane for handtering av avvik. Alt som blir oppdaga av feil, manglar og rutinesvikt, skal me vera opne om, lovar Bjørneboe. I tillegg understrekar både ho og Hennum kor viktig det er å endra haldningane om at det ikkje er så farleg korleis dei farlege kjemikaliane blir handterte.

Oppryddinga ved Biologisk institutt er allereie i gang. Det skulle berre mangla. Rapporten viser så store manglar ved tryggleiken i laboratoria på instituttet, at det ville vera rart om ikkje fleire er blitt sjuke av arbeidsmiljøet der. Det er synd at ingenting blei gjort før kreftsjuke Frode Olsgard gjekk til erstatningssak mot UiO. Hans personlege tragedie kan truleg hindra at andre som arbeider i laboratoria opplever det same som han.

Det er difor på tide at universitetsleiinga har sett i verk ei kartlegging av tryggleiken i alle dei 874 laboratoria. Det skal ikkje vera livsfarleg å driva med forsking.
 

Emneord: Arbeidsforhold, Arbeidsmiljø, Biologisk institutt Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 5. nov. 2009 16:01 - Sist endra 2. sep. 2014 14:14
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere