Noreg kan læra av Obama

USAs 44. president, Barack Hussein Obama kan læra Noreg mykje når det gjeld økonomisk satsing på klimatiltak og forsking.

USAs 44. president, Barack Hussein Obama.

Foto: Flickr

Barack Hussein Obama blei denne veka tatt i eid som USAs 44. president. Både i Noreg og i andre delar av verda blir det stilt store forventingar til han, og mange kjem sikkert til å bli skuffa. Dei fleste dagsavisene har vore mest opptekne av kva den nye amerikanske presidenten vil klara å få til i konflikten mellom Israel og palestinarane, Irak og Afghanistan. Han har allereie oppfylt lovnaden sin om å stansa den tvilsame militære rettargangen mot fangane USA har i militærleiren Guantanamo på Cuba. Dei over 200 fangane skal truleg bli stilt for ein ordinær domstol i USA.

Avisene har i mindre grad vore opptekne av miljøpolitikken hans. Obamas regjering ynskjer å satsa 150 milliardar dollar over ti år for å etablera fem millionar nye ”grøne” jobbar. 25 prosent av USAs straumforbruk skal koma frå fornybare kjelder innan 2025. Dessutan har president Barack Hussein Obama som mål at det skal rulla 1 million hybridbilar på amerikanske vegar i 2015. Når det gjeld klimagassutslepp, skal verdas største forureinar ned på 1990-nivå i 2020 og i 2050 skal landet ha redusert utsleppa med 80 prosent i høve til det landet sleppte ut av forureinande gassar i 1990. Obama lovar også at USA skal overta leiarrolla i dei internasjonale klimaforhandlingane.

Men han har også store ambisjonar for all annan forsking. Både Obama og visepresident Biden har innsett at USA risikerer å bli satt tilbake i den globaliserte økonomien, og dei viser til den rivande utviklinga mellom anna i informasjonsteknologien, bioteknologien og i nanoteknologien. Dei peikar også på at dei føderale investeringane i forsking i prosentdel av bruttonasjonalproduktet berre er halvparten av det dei var i 1970.
 

Difor varslar Obama og Biden at dei vil dobla dei føderale investeringane i grunnforsking i løpet av dei neste ti åra. Dei er overtydde om at det vil gjera USA både meir konkurransedyktig og meir nyskapande enn landet har vore dei siste åra. Samtidig vil det skapa mange nye jobbar som er tilpassa det 21. hundreåret. Begge omfamnar også universitetsforskinga. Dei lovar å utvida den økonomiske støtta til forskingsinitiativ frå universiteta. Først og fremst vil dei gi fleire forskingsstipend til unge og lovande forskarar, går det fram av dei offisielle nettsidene til Obama og Biden.

Førstkomande måndag 26. januar legg Noregs raudgrøne regjering fram ei krisepakke for å redda den norske økonomien frå finanskrisa. Det skjer i Kjemibygningen ved UiO. Me reknar med at dette er symbolsk og at regjeringa har lært av Obama og Biden og forstår at satsing på klima- og grunnforsking også er å investera i ein ny økonomisk modell for det 21. hundreåret, mindre basert på fossilt brensel og meir basert på fornybar energi enn i dag.

 

 

 

 

 


 


 

Emneord: Forskningspolitikk Av Ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 21. jan. 2009 15:56 - Sist endra 2. sep. 2014 14:14
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere