Museumskabalen

Kulturminister Trond Giske prøver å teikna om heile museumskartet i Oslo. I første omgang handlar det om Munch-museet, Stenersen-museet og Nasjonalmuseet. Men både Kulturhistorisk museum og Naturhistorisk museum er i høgste grad med i den museumskabalen som kulturministeren og regjeringa prøver å få til å gå opp.

STOR INTERESSE: Vikingskpa på Bygdøy er det dei aller fleste turistar i Oslo vil ha med seg.

For å gjera saka endå meir komplisert, er også Riksantikvaren på bana med ei lenge varsla freding av Vikingskipshuset med vikingskipa som ein del av inventaret. Enno er ingenting avgjort, men i løpet av hausten vil me vita om vikingskipa kan bli flytta til eit nytt museum på Sørenga og om Munch-museet kan bli overtatt av Naturhistorisk museum.

Om regjeringa i tillegg løyver endå meir pengar til nytt veksthus, kan Tøyen koma godt ut av den nye museumskabalen som blir lagt. Viss Riksantikvaren skulle vedta freding av Vikingskipshuset og med det også koma med eit krav om at vikingskipa skal bli verande der i all framtid, då må nok også planane om eit nytt Kulturhistorisk museum på Sørenga bli gått gjennom på nytt. Då vil det truleg bli meir naturleg å leggja det nye museet i tilknyting til Vikingskipshuset på Bygdøy.

Det er vikingskipa som trekkjer både norske og utanlandske turistar til Kulturhistorisk museum sine samlingar. Ting frå vikingtida finst på andre museum, men heilt intakte vikingskip er Kulturhistorisk museum åleine om å ha i heile verda. Difor må omsynet til dei klenodia som vikingskipa er, vega tyngst når det gjeld den geografiske plasseringa av eit nytt Kulturhistorisk museum.

Uansett kva som blir den endelege avgjerda, må marknadsføringa av vikingskipa og måten dei er stilte ut på, bli mykje betre enn i dag. Når det gjeld det, vil museet ha mykje å læra av museum i nabolanda våre og ikkje minst i Storbritannia. Då kan truleg besøkstalet i eit nytt kulturhistorisk museum koma opp i nærare ein million i året.

Universitetet i Oslo går ein spennande museumshaust i møte.

 

Emneord: Museene Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 22. juni 2009 10:26 - Sist endra 2. sep. 2014 14:14
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere