Klok India-satsing

Regjeringa har lansert ein strategi for samarbeidet mellom Noreg og India. Og denne gongen blir det ikkje industrilandet Noreg som yter hjelp til utviklingslandet India, som til dømes var tilfellet med Noregs aller første U-hjelpsprosjekt i Kerala i India.

NOBELPRISVINNAR: Amartya Sen blei tildelt Nobels minnepris i økonomi i 1998, og er truleg ein av Indias mest kjende forskarar. (Arkivfoto)

Foto: Ola Sæther

Nei, no handlar det klokt nok om eit tosidig samarbeid mellom oljelandet Noreg og atommakta India.

Noreg har etter kvart blitt klar over at India både er verdas største demokrati, eit av verdas leiande IT-land, landet med flest fattige, men truleg også med mest millionærar. Noreg og India samarbeider nært i helsesatsinga Norway-India Partnership Initiative (NIPI). Der er også Universitetet i Oslo i høgste grad med. Målet er å få ned talet på mødrer som døyr under fødselen.

Noreg skal dei næraste åra satsa over 500 millionar kroner på det prosjektet. Men landet er ikkje berre eit land med helseproblem og fattigdom. Det er også eit land med mange millionar forskarar og studentar. Mange er mellom dei beste i verda. Difor er det gledeleg at regjeringa også ynskjer å satsa 20 millionar kroner i året dei neste ti åra på eit utvida forskingssamarbeid mellom Noreg og India.

I dag blir det berre undervist i hindi ved UiO. Men India har 20 andre språk som det ikkje er noko tilbod om å læra på universitetet i dag. Likevel har UiO stor India-kunnskap i dag, og samarbeider med indiske forskarar både i religion, sosialantropologi, menneskerettar og i geofag og glasiologi. Det er viktig at regjeringa brukar denne kompetansen når den no har bestemt seg for å satsa på samarbeidet med dette kjempelandet.

Difor skal regjeringa også ha honnør for at den har forenkla prosedyren med å skaffa indiske spesialistar arbeidsløyve i Noreg. No får ambassaden i New Delhi høve til ordna alt, slik at dei indiske spesialistane som kjem hit, vil ha alle papira i orden. Det er ikkje berre til glede for norsk næringsliv, men også for norske forskingsinstitusjonar.

Då reknar me med at det blir slutt på at indiske toppforskarar får beskjed om at dei ikkje lenger får permanent opphaldsløyve i Noreg, slik IT-professoren Sundeep Sahay fortalde Uniforum i 2004. Då fekk han beskjed om at han hadde vore for lenge på reise utanfor landets grenser. Ei av reisene var saman med statsminister Jens Stoltenberg til India i 2001. No viser Noreg i praksis at dei indiske ekspertane er velkomne til landet. Det er ei svært god byrjing på India-satsinga.



 

Emneord: Internasjonalisering, India Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 3. sep. 2009 09:39 - Sist endra 2. sep. 2014 14:14
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere