Gratulerer!

Ole Petter Ottersen vann rektorvalet ved UiO med 65 prosent av røystene. Me gratulerer han med sigeren og ynskjer lykke til med dei store utfordringane som ventar på han, når han tar til i vervet 1. august. Samtidig vil me gi ros til teologidekan Trygve Wyller som stilte opp som motkandidat og som fekk 35 prosent av røystene.

GODE ARGUMENT: Det var dei gode argumenta som spelte hovudrolla i rektorvalkampen mellom Ole Petter Ottersen og Trygve Wyller, skriv Uniforum-redaktør Martin Toft.

Foto: Ola Sæther

Hadde han ikkje stilt opp, ville rektorvalet ved UiO blitt ein parodi og likna meir på eit presidentval i land me ikkje likar å samanlikna oss med. No fekk me ein to månader lang valkamp, der det var dei gode argumenta, og ikkje personleg skitkasting, som spelte hovudrolla. Begge fekk brei dekning både i NRK, Aftenposten, Universitas og i Uniforum. Truleg veit ganske mange i Noreg no kven som er vald til ny rektor ved UiO.

Men den nyvalde rektoren skal ikkje styra Universitetet i Oslo åleine. Han skal gjera det saman med Universitetsstyret. I beste fall vil berre to frå dagens styre halda fram i den neste valperioden. Det er ekstern representant Grete Berget og representanten for dei teknisk-administrative tilsette, Kristian Mollestad. Men Grete Berget må formelt bli peika ut av Kunnskapsdepartement, medan Kristian Mollestad må ut i ein valkamp for å kunna bli attvald. Dei tre andre eksterne representantane har sete i to valperiodar, og kan difor ikkje sitja lenger.

Johanne Sundby og Nils Damm Christophersen, som representerer dei faste vitskaplege tilsette, har begge sagt nei til å sitja i ein periode til. Og representanten for dei mellombels tilsette, Kristin Bliksrud Aavitsland, og dei to studentrepresentantane Jomar Talsnes Heggdal og Ingvild Brox Kielland går alle ut av Universitetsstyret no.

Dei som har lyst til å vera med på å påverka korleis Universitetet i Oslo skal styrast dei neste fire åra, bør difor delta i arbeidet med å foreslå nye kandidatar til styret. Det må vera kandidatar som vil arbeida for å ta vare på kjerneverdiane til universitetet, men som samtidig vil tilpassa det til ei ny og globalisert framtid. Det tyder slett ikkje at UiO bør satsa mindre på humaniora og samfunnsfag og meir på realfag og medisin, men å ta vare på heile den store porteføljen til UiO. Utan språk og kulturforståing blir det vanskeleg for Noreg å delta som aktør på den internasjonale arena. Utan satsing på naturfag og medisin vil Noreg sakka akterut i den internasjonale toppforskinga på desse områda.

Noreg har både råd til og behov for å satsa på alle desse felta samtidig. Det nye styret bør difor arbeida nært saman med nyvald rektor Ole Petter Ottersen for å skaffa meir pengar til UiO frå pengeskrinet til Finansdepartementet. Bruk stemmeretten din mellom 25. mai og 28. mai og røyst på den kandidaten du meiner vil vera ein ressurs for det nye Universitetsstyret.

 

Emneord: Styrevalget 2009 Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 23. apr. 2009 14:53 - Sist endra 2. sep. 2014 14:14
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere