Gløym ikkje humaniora og samfunnsfaga!

Me sluttar oss til kritikken mot forskingsmeldinga "Klima for forskning" frå UiO-rektor Geir Ellingsrud: Humaniora og samfunnsfaga er stemoderleg behandla i denne meldinga.

STEMODERLEG: Regjeringa og forskingsminister Tora Aasland har gitt humaniora og samfunnsfaga stemoderleg behandling i den nye forskingsmeldinga, meiner Uniforum.

Foto: Ola Sæther

Regjeringa la fram den lenge varsla forskingsmeldinga 24. april. Det viktigaste journalistiske poenget i meldinga var at regjeringa gir opp målet om at investeringane i forsking skal utgjera tre prosent av Noregs bruttonasjonalprodukt i løpet av 2010. Argumentet om at fallande og stigane oljeinntekter vil gjera dette om til eit mål som heile tida vil endra seg, har fått regjeringa til å senda heile målet lenger ut i framtida.

Elles går forskingsmeldinga vidare på dei store satsingane frå den førre forskingsmeldinga frå 2005, som blei lagd fram av dåverande statsråd Kristin Clemet. Det vil seia å auka innsatsen innanfor, energi og miljø, helse, hav og mat, og på teknologiområda: bioteknologi, materialteknologi og informasjons- og kommunikasjonsteknologi.Det einaste store fagområdet som er kome i tillegg er satsinga på klimaforsking. Det er heilt naudsynt når me no etter kvart vil gå inn i ei framtid som vil bruka meir og meir rein energi og mindre og mindre fossilt brensel. Det er også bra at statsråd Tora Aasland vil auka potten til fri prosjektstøtte til grunnforsking.

Me sluttar oss likevel til kritikken mot meldinga frå UiO-rektor Geir Ellingsrud: Humaniora og samfunnsfaga er stemoderleg behandla i denne forskingsmeldinga. Og det skjer i ei tid då folk meir enn nokon gong før er opptekne av religionar, språk, historie, fred- og konfliktløysing og andre kulturar. Det er også desse faga som kan gi oss svara på korleis norske politikarar kan føra ein politikk som kan halda oppe velstanden og den økonomiske veksten i Noreg. Dei kan også kome med forskingsdata på korleis Noreg kan dra fordelar av å ha stadig meir velutdanna innbyggjarar med endå større kompetanse i framandspråk og kulturkunnskap enn tidlegare.

Eit godt døme på korleis samfunnsfaga kan vera med på å gi svara på korleis det norske samfunnet blir i framtida, har mellom andre UiO og NTNU gitt ved å etablera CenSES, Centre for Sustainable Energy Studies. Det har dei klart utan forskingsstøtte frå Kunnskapsdepartementet. No ventar dei at regjeringa skal yta sin skjerv.

Regjeringa bør også sjå meir på slike fagområde, viss den meiner alvor med satsinga på internasjonalisering. Internasjonalisering er ikkje berre å lata norske oljeselskap gjera dårlege investeringar i oljesand i Canada eller i tvilsame regime i Kaukasus og Midtausten. Kanskje regjeringa kan retta opp dette inntrykket når den legg fram det reviderte statsbudsjettet fredag 15. mai.

Å investera i forsking i dårlege tider kan lønna seg på lang sikt. Det har Finland lært oss.
 

Emneord: Forskningspolitikk Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 6. mai 2009 16:22 - Sist endra 2. sep. 2014 14:14
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere