For dårleg!

120 personar av 6000 tilsette og 28 000 studentar kom på rektorvaldebatten mellom Trygve Wyller og Ole Petter Ottersen denne veka. Det er for dårleg når den verbale duellen er lagt til eit tidsrom innanfor vanleg arbeidstid.

PÅ TALARSTOLEN: Rektorkandidatane Trygve Wyller (t.v.) og Ole Petter Ottersen på kvar sin talarstol under valdebatten i Sophus Lies auditorium måndag 9. mars.

Foto: Ola Sæther

Dersom studentar og tilsette ved UiO også i framtida vil halda på den legitime retten til å velja rektor, dekanar og representantar til Universitetetsstyret og til institutt- og fakultetsstyre, må fleire delta i dei rektorvaldebattane som blir arrangerte på Universitetet i Oslo. Elles vil det ikkje nytta å koma etterpå og seia at dei ikkje brukte røysteretten sine fordi dei ikkje visste kva dei to kandidatane stod for.

Ved Noregs viktigaste, største og beste universitet må ein kunna krevja at både dei tilsette og studentane gjer det dei kan for å skaffa seg informasjon om kva dei kandidatane som ynskjer å delta i kampen om rektorvervet, står for. Viss ikkje blir ropet om meir universitetsdemokrati ganske lydlaust.

Det er mange utanfor Universitetet i Oslo som gjerne ser at både rektor og dekanar blir tilsette og ikkje valde. Tidlegare universitetsdirektør og noverande styreleiar for Helse Søraust, Hanne Harlem er mellom dei. Om ikkje dei skal få vatn på mølla, er det viktig at studentar og tilsette på universitetet viser at dei støttar opp om universitetsdemokratiet ved å delta aktivt i rektorvaldebattane.

No har Ole Petter Ottersen og Trygve Wyller gått fremst i løypa med å lansera seg som rektorkandidatar. Dermed har me fått eit reelt val mellom to hyggelege, men ganske like kandidatar. 

Uniforums oppgåve blir å visa skiljet mellom dei to og dei to prorektorkandidatane deira, Inga Bostad og Guro Valen. Den oppgåva tar me seriøst. Om to veker blir dei to kandidatane spurde ut i Uniforum om kva dei eigentleg meiner om dei viktigaste sakene studentar og tilsette på UiO er opptekne av. Det håpar me vil få opp valdeltakinga.

Me minner om at den neste store rektorvaldebatten er onsdag 25. mars klokka 17, i Sophus Lies auditorium. Før det stiller rektorkandidatane også opp på ein debatt på Naturhistorisk museum måndag 16. mars. Lat begge debattane bli ein demonstrasjon av at me sluttar opp om universitetsdemokratiet ved å møta opp.



 

Emneord: Rektorvalget 2009 Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 12. mars 2009 10:52 - Sist endra 2. sep. 2014 14:14
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere