Fleire rektorkandidatar må melda seg

Ingen lag er så gode at dei ikkje fortener konkurranse. Rektorkandidat-laget til Ole Petter Ottersen bør difor få minst eit anna rektorteam med eit heilt anna valprogram til å bryna seg på under rektorvalet.

FEM REKTORKANDIDATAR I 2005: F.v. Fanny Duckert, Lars Walløe, Stein A. Evensen, Kristian Gundersen og Geir Ellingsrud.

Foto: Ola Sæther

Medisinprofessor Ole Petter Ottersen gjorde det i førre veke endeleg klart at han ville stilla som rektorkandidat, så sant han blir foreslått. Med seg som prorektorkandidat har han dagens viserektor Inga Bostad, og viss dei to blir valde, vil dei utnemna pedagogikkprofessor Doris Jorde og jussprofessor Ragnhild Hennum som viserektorar på deltid.

Det ser absolutt ut som eit godt lag, som dekkjer mesteparten av universitetssamfunnet. Men ingen lag er så gode at dei ikkje fortener konkurranse. Dei bør difor få minst eit anna rektorteam med eit heilt anna valprogram til å bryna seg på under rektorvalet. Når Noregs viktigaste universitetsleiarstilling snart står ledig, må det vera fleire enn éin person som er interessert i å overta det vervet.
 

Fem rektorkandidatar i 2005

Under rektorvalet i 2005 stilte fem personar opp som rektorkandidatar. Det førte til at universitetsdebatten kom ut av universitetet og inn i det offentlege rommet. Både Aftenposten, Dagbladet, NRK, Klassekampen og Morgenbladet hadde fleire gonger i veka artiklar om rektorvalkampen på Universitetet i Oslo. Det bør ikkje bli noko dårlegare under rektorvalkampen i 2009, etter at interessa for både forskings- og universitetspolitikk har opplevd eit ordentleg oppsving dei siste åra. Difor vil me oppmoda alle som går med ein rektor i magen, til å melda seg på i kampen om å bli rektor ved Universitetet i Oslo. Om ingen fleire skulle melda seg, slik at den einaste kandidaten så langt berre blir utnemnt av Universitetsstyret, vllle det gi dei som helst vil ha ein tilsett rektor, vatn på mølla. Inntrykket vårt er at det ikkje er førstevalet til dei UiO-tilsette.
 

Lenge sidan Lucy Smith var rektor

No har rektorkandidat Ole Petter Ottersen eit team med tre kvinner i tillegg til seg sjølv. Lat oss få ein kvinneleg rektorkandidat med menn som prorektorkandidat og viserektorkandidatar. Det er lenge sidan Lucy Smith var den første kvinnelege universitetsrektoren ved UiO og i Noreg. Om det skal bli ein ny kvinneleg rektor, må i alle fall ei eller fleire kvinner melda seg som rektorkandidatar. Så får det bli valprogrammet deira og ikkje kjønnet som er avgjerande for kven som blir valde.

For den som blir rektor, må det vera viktig at eit fleirtal av dei UiO-tilsette har valt han eller henne, når det stormar som verst på universitetsbarrikadane. Noregs beste universitet må kunna stilla med fleire kandidatar til Noregs mest attraktive universitetsleiarverv. Til orientering: Påmeldingsfristen til rektorvalet går ut 16. februar klokka 16.


 

 

Emneord: Rektorvalget Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 4. feb. 2009 15:37 - Sist endra 2. sep. 2014 14:14
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere