Eit reelt rektorval

Det aller viktigaste er at det no blir ein reell rektorvalkamp fram til valdagane frå 31. mars til 2. april. Då får dei to rektorkandidatane Ole Petter Ottersen og Trygve Wyller høve til å fortelja kva slags universitet dei ynskjer at Universitetet i Oslo skal vera.

I førre nummer av Uniforum etterlyste me fleire rektorkandidatar som kunne gi medisinprofessor Ole Petter Ottersen konkurranse om å overta rektorkjeda etter Geir Ellingsrud. Etter det utspelet har også teologidekan Trygve Wyller bestemt seg for å stilla som rektorkandidat, med medisinprofessor Guro Valen som prorektorkandidat og med instituttleiar Arne Bugge Amundsen klar til å bli utnemnd til viserektor om dei vinn rektorvalet.

Lov å tru

Det er slett ikkje sikkert at det var oppfordringa vår som var utslagsgjevande for at dei fann ut at dei gjerne ville gi Ole Petter Ottersen, prorektorkandidaten hans, Inga Bostad og dei to potensielle viserektorane Ragnhild Hennum og Doris Jorde kamp til døra om å overta styringa av Universitetet i Oslo frå 1. august i år. Men det er sjølvsagt lov å tru at me har vore ein av fleire aktørar som har påverka dei til å koma på bana. Det aller viktigaste er at det no blir ein reell rektorvalkamp fram til valdagane frå 31. mars til 2. april.

Elite- eller breiddeuniversitet?

Då får dei to rektorkandidatane høve til å fortelja alle dei universitetstilsette, studentane og andre interesserte utanfor universitetet kva slags universitet dei ynskjer at Universitetet i Oslo skal vera. Skal det vera eit eliteuniversitet for dei beste blant oss, eller skal det vera eit breiddeuniversitet som femner om alle og som kan tilby profesjonsutdanningar til både det offentlege og det private arbeidslivet? Skal Universitetet i Oslo vera meir universitet og mindre bedrift eller det motsette? Og kva skal skje med universitetsdemokratiet?

Bør ikkje dei tilsette og studentane få meir å seia enn før, sidan utviklinga går så fort at det er viktig at grasrota har god kontakt med og god innverknad på dei som skal leia dei inn i framtida? Kva har dei tenkt å gjera med eldrebylgja blant dei vitskaplege tilsette som vil vera på sitt høgaste midt under 200-årsjubileet i 2011? Vil det bli naudsynt å tilby dagens doktorgradsstudentar fast kontrakt, slik at dei ikkje forsvinn ut av universitetet før ein har fått erstatta allle dei vitskaplege tilsette som går av for aldersgrensa dei næraste åra?

Første duell

Førstkomande måndag, 23. februar møtest rektorkandidatane Ole Petter Ottersen og Trygve Wyller til den alle første duellen i årets rektorvalkamp. Det blir eit glimrande høve til å få vita kva visjonar dei har for Universitetet i Oslo. Me ynskjer begge rektorkandidatane lykke til og me håpar dei blir flinke til å koma med gode utspel. Uniforum lovar å dekkja det som skjer under rektorvalkampen, heilt fram til valresultatet er klart 2. april.

 

Emneord: Rektorvalget Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 18. feb. 2009 15:50 - Sist endra 2. sep. 2014 14:14
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere