Ei rimeleg bønn

I dagens Uniforum kan me lesa at teologidekan Trygve Wyller og jusdekan Hans Petter Graver går imot at muslimske studentar skal få leiga eit større lokale til fredagsbønna.

PLASSMANGEL: Mosalleen i Frederikkbygningen er blitt for liten, konstaterer Bushra Ishaq, leiar for Muslimsk Studentsamfunn.

Foto: Ola Sæther

– Fredagsbønn i gymnastikksalen vil vera eit brot med prinsippet om eit felles, sekulært rom, meiner dei. Dersom det hadde vore den svære gymnastikksalen i Idrettsbygningen dei hadde bede om å få bruka, kunne argumentet hatt noko føre seg.

Når Uniforum tar kontakt med Bushra Ishaq, som er leiar for Muslimsk Studentsamfunn, viser det seg at dei muslimske studentane berre har bede om å få bruka ein av dei mindre gymsalane til fredagsbønna. Mosallaen blir for liten når opp til 80 studentar skal bruka den samtidig. Det fører til at dei må stå i kø for å be i fleire omgangar, fortel Ishaq til Uniforum.

For to år sidan søkte dei muslimske studentane difor om å få bruka ein av dei mindre gymsalane til fredagsbønna. Det er grunnen til at Læringsmiljøutvalet ved UiO på eit dekanmøte i juni presenterte eit forslag til korleis universitetet kan ta vare på behova til dei muslimske studentane. Eit av forslaga var å gi dei lov til å bruka ein gymsal til formålet.

I eit diskusjonsnotat stiller dekanane Trygve Wyller og Hans Petter Graver seg kritiske til dette. Dei viser til at den kristne høgmessa søndag formiddag aldri blir halden på universitetsområdet. Men Det teologiske fakultetet held sjølv gudstenester i sitt eige kapell kvar onsdag, samtidig som det også er tysdagsgudstenester på Blindern.

Det er både religionsfridom, organisasjonsfridom og ytringsfridom i Noreg. UiO speglar det i svært stor grad med eit mangfald av både religiøse, anti-religiøse, politiske, etniske og humanitære studentorganisasjonar.
Mellom dei kristne studentorganisasjonane finst det ultrakonservative, evangeliske organisasjonar som veke etter veke står på stand og presenterer argument imot utviklingslæra til Charles Darwin. Samtidig finst det ein organisasjon som Studentforbundet, som tilhøyrer den mest liberale fløyen innanfor Den norske kyrkja.

Uniforum er difor einig med studentprest Inger Anne Naterstad som støttar ynsket til dei muslimske studentane. – Det denne saka dreiar seg om for meg, er ei gruppe med studentar som treng meir plass. At studentane må bruka gangareal utanfor mosallaen under fredagsbønna fordi plassen ikkje strekkjer til, er uverdig, seier ho.

UiO bør difor gi dei muslimske studentane positivt svar på førespurnaden om å få bruka aerobicsalen til fredagsbønna.

 

Emneord: Studentforhold, Religion, Islam Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 18. nov. 2009 16:01 - Sist endra 2. sep. 2014 14:14
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere