Ei gåve å ta vare på

Universitetet bør strekkja ut ei hand og hjelpa Baroniet Rosendal opp den økonomiske motbakken det er i akkurat no. Det vil gi UiO eit godt omdøme både lokalt og nasjonalt, skriv Uniforum på leiarplass.  

ØKONOMISK NAUDHJELP: Uniforum synest ynsket om å dobla løyvinga frå UiO til Baroniet Rosendal frå 750 000 kroner til 1,5 millionar kroner  er eit rimeleg krav. (Arkivfoto)

Foto: Ola Sæther

Baroniet Rosendal har hamna i ei økonomisk krise, kan Uniforum melda i dag.

Årsaka er todelt. Hovudgrunen er at det ikkje har fått kompensasjon for auka lønns- og kostnadsutgifter. På 1990-talet dekte driftsstøtta frå Kulturdepartementet, fylkeskommune og kommune rundt 45 prosent av bruttomsetninga. I dag utgjer dette berre 17 prosent.

Baroniet kom også i skvis, då dei musea i Hordaland som slo seg saman, fekk stimuleringsmidlar. For Hordaland fylkeskommune bestemte samtidig at Baroniet Rosendal skulle halda fram som eit sjølvstendig museum. I 1927 fekk Universitetet i Oslo Baroniet i gåve frå eigarane. I dag har Baroniet eit totalbudsjett på 14 millionar kroner.

UiO har dei seinare åra løyvd 750 000 kroner årleg til eigedomen. Styreleiar for Baroniet, Tove Kristin Karlsen, som også er assisterande universitetsdirektør, ber no UiO om å dobla denne støtta på budsjettet for 2010. Det synest me er eit rimeleg krav og ein svært låg pris å betala for å vera eigar av Noregs einaste baroni og ein av Noregs flottaste eigedomar.

Men det bør også forplikta UiO til å nytta Baroniet i endå større grad enn no til seminar og møteverksemd. Me trur mange ville få mykje meir igjen for to eller tre dagar på seminar i Baroniet Rosendal enn på danskebåten eller på eit hotell utan sjel. For alle som har besøkt Baroniet, kjem tilbake som gode ambassadørar for eigedomen.

Kanskje burde Velferds- og kulturutvalet i samarbeid med universitetsleiinga skipa til to dagar lange turar til Rosendal for alle dei tilsette som har lyst til å få ei omvising i Baroniet? Det ville truleg skapt endå meir støtte for at universitetet må halda fram som eigar. På den måten har Universitetsstyret gått føre som eit godt døme ved å leggja det første møtet sitt til Rosendal.

Inntrykket me har, er at dei tilsette gjerne vil at UiO skal halda fram som eigar. Ingen av dei har ytra noko ynskje om at det er meir naturleg at Universitetet i Bergen overtar som eigar. Det er det berre den tidlegare leiaren for Studentparlamentet i Bergen, Ben Holan, som har kravd. Det er langt frå noko folkekrav i Hordaland. Det tyder på at UiO har vore ein god eigar.

Universitetet bør difor strekkja ut ei hand og hjelpa Baroniet opp den økonomiske motbakken det er i akkurat no. Det vil gi UiO eit godt omdøme både lokalt og nasjonalt.
 

Emneord: Universitetspolitikk, Baroniet Rosendal Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 8. okt. 2009 14:57 - Sist endra 2. sep. 2014 14:14
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere