På rett veg

For to veker sidan kom forskingsminister Tora Aasland med ei gladmelding til universitet og høgskular. Regjeringa ville auka basisløyvingane til universitet og høgskular med 160 millionar kroner i saldert budsjett for 2008. Rundt 28 millionar vil gå til UiO.

Ansvarleg redaktør Martin Toft (Foto: Elisabeth Toft)

Foto: Elisabeth Toft

Det var heilt sikkert tilfeldig at dette var to dagar før 60-årsdagen til rektor Geir Ellingsrud, men uansett kunne han på vegner av UiO ikkje få ein betre fødselsdagspresang. Det gir han og resten av universitetsleiinga eit lite pusterom - før budsjettåret 2009 tar til. Då ventar alle at forskingsminister Tora Aasland skal trå til på nytt og gi universiteta og høgskulane kompensasjon for mangelen på pengar til pensjonsinnbetaling og lønnsauke i det vedtatte statsbudsjettet for 2009. Dette viser at regjeringa har fått auga opp for kor viktig det er å satsa endå meir på forsking og utdanning. Universiteta og høgskulane bør likevel ikkje slå seg til tåls med det. I januar legg regjeringa fram ein ny milliardpakke for å skaffa nye oppdrag til bygg- og anleggsnæringa etter at finanskrisa har sett kroken på døra for mange private utbyggingsprosjekt. Universitetet i Oslo har fleire prosjekt som er ferdig planlagde og berre ventar på eit klarsignal og løyvingar frå regjeringa. I første rekkje står bygginga av nytt veksthus på Tøyen. Dei flotte teikningane som er utførte av arkitektkontoret Stein Halvorsen har vore klare sidan desember 1998. Når det står ferdig, vil det også skapa nytt liv og nye aktivitetar på Tøyen etter at Munch-museet er blitt flytta inn i ny bygning i Bjørvika. Veksthuset kan bli ein attraksjon for både barn og vaksne, som folk vil koma frå heile landet for å oppleva.

Universitetet i Oslo har også eit etterslep på fem milliardar når det gjeld vedlikehald av bygningar. Det er nok å nemna den tragiske tilstanden fleire delar av Domus Medica er i, godt dokumentert i Uniforum 13. november. Om ikkje det skulle vera nok, kan me også trekkja inn planane om ein bygning for kjemi og Life Science i Gaustadbekkdalen. Planen er at den skal stå ferdig i 2017, men det er sikkert få som har noko imot at bygningen blir realisert lenge før den tid. Den kan vera medverkande til å gi fagmiljøa innanfor kjemi, bioteknologi, medisin og farmasi eit ordentleg lyft, som vil gjera dei endå meir konkurransedyktige internasjonalt. Det står ikkje i motsetning til kravet frå Tora Aasland om at pengane også må brukast til å handtera utfordringane med større ungdomskull. God infrastruktur er nemleg svært viktig for at studentar og stipendiatar skal trivast og satsa på ein karriere innanfor akademia. Den første julepakken bør difor fylgjast opp med ein ny i januar.

Av Ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 10. des. 2008 14:46 - Sist endra 2. sep. 2014 13:21
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere