Uniforum meiner
Det som har skuffa oss mest, er den katastrofalt dårlege valoppslutnaden. At berre 20 prosent av dei røysteføre på eit universitet brukar røysteretten sin, er ei skam både for studentane og dei tilsette på UiO.
For det aller viktigaste er at flest mogleg av både studentar og tilsette brukar røysteretten sin og viser at dei alle er einige om at rektor ved Universitetet i Oslo skal veljast og ikkje tilsetjast.
Når Tyrkia framleis er det landet i Europa som har flest kvinnelege professorar, bør også likestillingslandet Noreg og kunnskapsminister Kristin Halvorsen leggja til rette for at det skal bli ei betre fordeling av kvinner og menn blant professorane enn i dag.
Alle parkeringsplassane må reserverast elbilar og hybridbilar, kanskje med unntak for funksjonshemma, skriv Uniforum på leiarplass.
Uniforum vil oppfordra vitskaplege tilsette ved UiO som går med rektorambisjonar, om å melda seg, slik at alle UiO-tilsette får eit val.
Om ikkje forskarane kan stola på at sakshandsaminga i SFF-prosessen også er framifrå, vil både Forskingsrådet og Forskingsadministrativ avdeling ved UiO mista truverdet sitt.
Etter vår meining bør privatiseringskåte politikarar frå den borgarlege opposisjonen i Noreg også hoppa bukk over Sverige og heller dra til Finland for å læra at etablering av private skular slett ikkje er noko alfa og omega for å få ein god skule.
Noreg må slå ring om dei små faga og ikkje lata dei gå med i dragsuget frå pålagde innsparingar frå sentrale styresmakter.
Kvart år drar UiO-tilsette på 14500 flyreiser. Og når Grønt UiO heller ikkje klarer å unngå flyreiser, blir det i alle fall vanskeleg for andre einingar å få det til.
Det er viktig å satsa på nyskaping, og nokre gonger må ein ta sjansar. Men ein bør kanskje ikkje bruka inventarbudsjettet til risikofylte investeringar.
Med Kristin Halvorsen som statsråd for heile Kunnskapsdepartementet vil ingen vera i tvil om kven som styrer norsk utdannings- og forskingspolitikk.
Me synest det er dumt at Oslo kommune overlet ansvaret for trafikktryggleiken i området mellom Forskningsparken stasjon og Gaustadalleen til Statsbygg.
Tenk kor god reklame det hadde vore for Noreg om kronprinsesse Mette-Marit hadde opna den store utstillinga om Edvard Munch i Frankfurt på flytande tysk i staden for på feilfritt engelsk
Me støttar tanken om at folket i Aserbajdsjan lenge har vore modne for eit demokrati. Demokrati er ikkje noko ein fortener, men ein rett som alle skal ha. Også folket i Aserbajdsjan.
Me håpar og trur me har klart å laga ei avis som lesarane våre vil bli glade i og lesa frå første til siste side.
Det er ei klok avgjerd av Universitetsstyret å opna for andre alternativ enn Bjørvika for eit framtidig kulturhistorisk museum.
For oss vil finansiering av forsking i inn- og utland vera både ei klokare og meir rekningssvarande investering enn å bruka oljepengane på å kjøpa opp aksjar til ned- og oppgåande kursar over heile verda.
Universitetet i Oslo må halda fram med å vera den fremste forsvararen for prinsippa om eit liberalt velferdssamfunn basert på ytringsfridom, akademisk fridom, pressefridom, respekt for menneskerettane og likeverd og lik behandling av alle som bur i landet uavhengig av kulturell bakgrunn, språk og kjønn.
Me er overtydde om at Universitetet i Oslo vil mista ei brei kontaktflate og mange trufaste venner, om dei ikkje lenger får Uniforums papirutgåve som kontaktorgan og som ei bodstikke om det som skjer på Universitetet i Oslo.
Det er heilt på sin plass at det blir offentleg kjent kor stor fallskjerm tidlegare universitetsdirektør Kjell Stahl fekk, no over 20 år etterpå.
Uniforum vil oppfordra alle sine lesarar til å ta med seg slekt og venner til Blindern og Chateau Neuf den 21. mai, på jubileumsårets første idéfestival.
For forskings-Noreg og for Universitetet i Oslo er det viktig at det finst attraktive, men vanskelege mål som forskarar kan ha ambisjonar om å nå i fellesskap med andre.
Me trur det vil vera ein fordel for forskingsmiljøa ved UiO om fleire av dei yngre og lovande forskarane blir hanka inn i faste stillingar, før dei blir rekrutterte til konkurrerande universitet.
Ingen tar no til orde for at UiO må byggja ned kompetansen i Midtausten-kunnskap og heller bruka pengane på meir nyttig forsking som kan vera til meir gagn for samfunnet.