Universitetssamlingane, insentiv og prioriteringar

Språksamlingane kunne gjerne ha tenkt seg ei liknande støtte i offentlegheita frå leiinga på Universitetet i Oslo (UiO) til forsvar for formidling av norsk kultur- og språkhistorie, skriv Dagfinn Worren.

Universitetsmusea har kome dårleg ut i finansieringsmodellen for universitets- og høgskulesektoren som har gjeldt sidan tidleg 2000-tal. I ein breitt anlagt kronikk i Klassekampen (6. feb.) tek Arne Bjørlykke, direktør for Naturhistorisk museum, og Håkon Glørstad, direktør for Kulturhistorisk museum, saman med rektor Ole Petter Ottersen, fortenestefullt opp dette problemet  under overskrifta "Redd universitetsmuseene!".

Dei ser oppfølginga av ekspertutvalet om finansiering av universitet og høgskular nedsett av kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen, som eit gyllent høve til å rette opp i den nedprioriteringa ein har sett av fleire slags verksemd ein ikkje kan knyte direkte opp mot insentiva i gjeldande finansieringsmodell.

Sett frå språksamlingane er det ikkje vanskeleg å vere samd i denne analysen og i oppmodinga om ei endring som betre kan ivareta viktige område som til no har falle utanfor insentivordningar. Det er nok rett som kronikkforfattarane skriv, at viktige område som ikkje er omfatta av insentiv, blir prioritert lågare, også når andre midlar enn dei som kan knytast direkte til insentiva skal fordelast.

 

Språksamlingane kunne gjerne ha tenkt seg ei liknande støtte i offentlegheita frå leiinga på Universitetet i Oslo (UiO) til forsvar for formidling av norsk kultur- og språkhistorie. Kronikkforfattarane etterlyser naturleg nok støtte frå Kunnskapsdepartementet (KD), men også ordningar under Kulturdepartementet (KUD) vert trekte fram. KUD har sidan 2002 løyvt over 130 mill. kroner til prosjektet Norsk Ordbok 2014, som er største tiltaket i språksamlingane, medan UiO som ein del av sine prioriteringar har vedteke å avvikle språksamlingane.

Då  KUD i samforstand med KD melde si uro for dette til UiO i brev 15. mai, var svaret langt frå så diplomatisk som ein kan vente dersom ein i andre samanhengar stolar på den same aktøren si støtte: "Innledningsvis vil vi få påpeke universitetets rett og plikt til selv å prioritere og å gjøre faglige valg" (13. juni).

Meir arrogant kan ikkje samfunnsoppdraget og -ansvaret belærast overfor ein viktig samarbeidspartnar. Med denne forståinga av samarbeidsklima frå universitetet var det ikkje anna å vente enn at KUD stiller strenge vilkår om at 2015-løyvinga til Norsk Ordbok 2014 blir brukt i samsvar med KUDs føresetnader om fullføring av prosjektet utan omsyn til UiOs prioriteringar (12. jan.).

 

For språksamlingane brenn det eit blått lys, og det har dei siste dagane også blitt usikkert om det tolvte og siste bandet av Norsk Ordbok 2014 i papirutgåve kan fullførast. 2015-løyvinga frå KUD er sett i spel fordi universitetet ikkje vil avslutte prosjektet i samsvar med vilkåra i tildelingsbrevet. Bakteppet er avviklinga av språksamlingane.

 

Vi håper på ei god løysing for universitetsmusea, både når det gjeld dagens diskusjon om finansieringsmodell og appellen om tiltak frå både eigardepartementet og KUD. Universitetsmusea med samlingane sine «representerer en uvurderlig skatt for landet vårt», heiter det så presist i kronikken.

Det har fullgyldig overføringsverdi til dei norske språk- og namnesamlingane, og eg vil hevde at ei tydelegare støtte og prioritering frå UiO også av språksamlingane ville ha gjeve større tyngd til appellen om ekstern hjelp for å redde dei.

Emneord: Språkpolitikk, Språk, Universitetspolitikk, Forskningspolitikk Av Dagfinn Worren
Publisert 12. feb. 2015 15:14
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere