Tull med tal

Så UiO talar med to tunger. Har dei faktisk brukt eigne midlar på Norsk Ordbok-prosjektet, eller har dei ikkje? spør hovudredaktør Lars S. Vikør i dette innlegget.

I eit innlegg i Klassekampen 19.5. skriv instituttstyrar Kristian E. Kristoffersen ved ILN om Universitetet i Oslo sin bruk av midlar til språksamlingane og Norsk Ordbok 2014. UiO brukte ifølgje Kristoffersen 19 millionar på desse føremåla i 2014. Godt og vel halvdelen av denne summen var «øremerkede midler til det tidsbegrensede prosjektet Norsk Ordbok 2014», skriv Kristoffersen.

Her er det noko som ikkje stemmer. Universitetet i Oslo valde i fjor å seia opp 21 fast tilsette medarbeidarar som arbeidde ved Norsk Ordbok. Universitetet argumenterte da hardt for at institusjonen hadde hatt så lite av eigne kostnader til prosjektet at Norsk Ordbok 2014 måtte reknast som eksternfinansiert. Dette innebar at dei oppsagte medarbeidarane tapte viktige rettar dei elles ville hatt, bl.a. retten til ventelønn.

Så kor dukka dei opp, desse midlane som Kristoffersen no nemner, og kor vart det av dei? I desember fekk Universitetsstyret, som da behandla klagemål frå tilsette som meinte dei var oppsagt på feil vilkår, beskjed om at seks av dei millionane Kristoffersen no meiner å ha brukt på Norsk Ordbok 2014, ikkje skulle reknast med i institusjonen sine utgifter til dette prosjektet. Universitetsstyret fekk i sakspapira tvert om vite at utgifter til kontor, datautstyr etc. var «utgifter som institusjonen i stor grad uansett ville hatt».

Dei Norsk Ordbok-kostnadene Kristoffersen no bruker som argument for at UiO skal kvitte seg med språksamlingane, er altså dei same utgiftene som UiO i desember gav sitt eige styre beskjed om at det var umogleg å kostnadsrekne, også fordi «det ofte er vanskelig å beregne hva som utgjør verdien av tilgang til fellestjenester» (sitert frå sakspapiret til Universitetsstyret).

Så UiO talar med to tunger. Har dei faktisk brukt eigne midlar på Norsk Ordbok-prosjektet, eller har dei ikkje? Dersom det stemmer at desse utgiftene er der uansett og at dei dessutan er veldig vanskelege for institusjonen å sette prislapp på, kan dei ikkje brukast som argument for at språksamlingane blir for dyre for institusjonen å vidareføre.

Dersom utgiftene likevel kan skiljast ut og talfestast slik Kristoffersen gjer, burde desse tala vore lagde fram for universitetsstyret på møtet i desember. I så fall vart Universitetsstyret sitt vedtak om å avvise klagemåla frå dei tilsette gjort på feil premissar, og er vel strengt tatt ikkje gyldig?

I Aftenposten 21.5. skriv Kristoffersen at den vidare lagnaden til språksamlingane ved Universitetet i Oslo er uviss. Framlegget som Nynorsk kultursentrum, Universitetet i Bergen m.fl. har levert til ny organisering, «forutsetter at det er mulig å finne finansiering for rundt 20 årsverk på ubestemt tid».

Det var nettopp ønsket om at dei norske språksamlingane skulle vere ei stabil, langsiktig verksemd som gjorde at Stortinget i 1971 vedtok å opprette Norsk leksikografisk institutt ved Universitetet i Oslo. Den openberre grunnen til at dette ikkje vart gjort til eit tidsavgrensa oppdrag, er at sikker, vitskapleg dokumentasjon av norsk språk er ei permanent oppgåve for det norske samfunnet.

Gjeldande norsk språkpolitikk går ut på å dyrke og styrke norsk språk slik at det skal forbli eit levande bruksspråk på alle samfunnsområde også i framtida. Der inngår dei norske vitskaplege språksamlingane og forskinga i norsk ordforråd som viktige komponentar.

Men det gler oss å sjå at Kristoffersen meiner dei meir enn 20 stillingane som kom til språksamlingsverksemda ved Universitetet i Oslo på 1970-talet, er øyremerkte. Det er hans eigen institusjon som har forsynt seg av desse øyremerkte stillingane.

Når pengane gjennom år er brukt til andre føremål enn å bygge opp og forvalte vitskaplege samlingar for norsk språk, blir det lett å plassere ansvaret for at språksamlingane i dag er i ressursmessig krise.

 

 

Emneord: Språk, Språkpolitikk, Universitetspolitikk, Forskningspolitikk Av hovudredaktør i Norsk Ordbok, Lars S. Vikør
Publisert 22. mai 2015 20:43 - Sist endra 22. mai 2015 20:43
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere