Tantefiseringa av universitetet

No har tantefiseringa nådd universiteta. Pussig nok: Sjølv om det har vore stor semje om at reine mannsmiljø ikkje er bra, var det plutseleg heilt i orden med reine kvinnemiljø. I dag er dette fullført ved HF.

Mel.: ”Nei, nei, gutt” (M. Munthe)

Dei siste åra har det vore ein eksplosjon i talet på ADHD-diagnostiserte gutar. Men det finst dei som trur at talet ikkje reflekterer endringar i gute-røyndomen, men snarare skuldast at skuleverket vert femininisert, eller, verre, tantefisert (eit uttrykk på same plass på korrektskapsskalaen som ”guteklubben Grei” eller ”forgubbing”). Gutar som før ville ha vore sett på som normale gutar, av mannlege lærarar, og som seinare tok med seg hyperaktiviteten inn i oppgåver som statsminister eller forskar, vert no sett på som sjukelege avvikarar av kvinnelege lærarar av di dei ikkje oppfører seg som jenter, noko desse ser på som paradigmet for det menneskelege. På nokre skular har dei til og med pålagd gutar å tissa sitjande. Denne tantefiseringa har breidd seg oppover i skuleverket, frå barnehagar til småskulen, til ungdomsskulen og inn i den vidaregåande skulen.

No har tantefiseringa nådd universiteta. Eg åtvara mot dette for 6 år sidan då eit reint kvinnedekanat vart valt på HF. Pussig nok: Sjølv om det har vore stor semje om at reine mannsmiljø ikkje er bra, var det plutseleg heilt i orden med reine kvinnemiljø. I dag er dette fullført ved HF: Nesten alle instituttleiarane, fakultetsstyret, dekanatet og absolutt alle dei administrativt tilsette er kvinner.

Som det måtte gå: Dette auka farane for at talet på ADHD-diagnostiserte forskarar skulle veksa, særleg ettersom HF ikkje akkurat har utmerka seg med så mange hyperaktive mannlege forskarar tidlegare. Ein slik hyperaktiv forskar har vore til plage, nemleg professor Nedkvitne, som no kan hende snart vert utvist for godt frå barnehagen. Typisk nok kunne Jon Hustad, ein av dei få sjølvstendig tenkjande journalistane i Noreg, konstatera som slåande at rettsalen var fylt opp av HF-kvinner som trøysta kvarandre mot redsla som denne eine uskikkelege guten representerte.

Og slik ADHD-diagnostiserte gutar har vorte tilført stadig større dosar med aktivitetsdempande medisin, for å gjera arbeidet enklare for barnehagetantane, har HF-kvinnene arbeid hardt med profylaktiske remedie. I fjor kom det eit framlegg frå ei HF-kvinne (professor Serck-Hanssen) om at det skulle innførast eigen Ver Varsam-plakat for (mannlege, må vi tru) akademikarar, for å læra dei opp til å gå på gummiføter, eller stolpra seg stillferdig framover på høge hælar som gode tanter. Sjølv sloss eg hyperaktivt mot dette både i Aftenposten og i Dagsnytt 18, og sidan har eg ikkje høyrt noko meir om framlegget, utan at eg har tatt ære for det. Snarare har eg rekna med at det har dreidd seg om eit reculer pour mieux sauter. Og heilt rett: Plutseleg skal professorar klemmast på. (”Make love, not war, please!”).

Og i si siste utgåve kan HF-Aktuelt, det offisielle organet til HF-leiinga,  gleda oss med å presentera professor Svennevig, som sanneleg viser seg å vera litt av eit unikum i vitskapshistoria, ettersom han har klart å oppheva skiljet mellom ”er” og ”bør” som filosofar som Hume og Kant innførde, til så stor glede for vitskapen. Vi får vita at ”Professor Jan Svennevig har forsket på kommunikasjon i e-post. Her er hans gode råd om hvordan vi kan kommunisere effektivt og forebygge konflikt når vi bruker dette mediet.” Dinest følgjer det ein kan kalla ein Ver Varsam-plakat for e-post. Denne inneheld ei eineståande samling flosklar som er ei fornærming av intelligensen til normale vitskapelege tilsette.

Og nett av di vi er så intelligente (i alle høve filosofar) skjønar vi godt kva den eigentlege bodskapen bak flosklane er: Desse råda fungerer som tantefisert HF-ideologi, bolstra av tilsyelatande å vera eit produkt av forsking, medan vi ventar på dommen i professor Nedkvitne-saka, der utsending av konfliktskapande e-postar har vore eit sentralt klagepunkt. Og kva vi tenkjer om ein som stiller opp på dette viset som viljug reiskap for makthavarar, er ikkje naudsynt å nemna. Ein ting er at professor Svennevig presenterer sine råd som hypotetiske (instrumentelle) imperativ. Mentrur han at han har forska seg fram til imperativet at forsking skal vera konfliktlaus? Kanskje gjeld det for tanter, men ikkje for mannlege ADHD-forskarar.

Men kvifor stoppa her? I neste nummer av HF-Aktuelt bør det koma råd for høveleg oppførsel på lunsjrom. Og kvifor ikkje råd for korleis gå i trappene? Sjølv har eg saman med instituttet mitt nyleg flytt inn i nye lokale. Der er det berre unisex-toalett. Burde det ikkje koma eit tanteråd om at mannlege vitskapeleg tilsette må sitja medan dei tissar?

(Ps. Dei som treng litt harmlaus underhalding, på bokmål, etter desse salvene, kan lesa denne novella.)

 

 

 

Emneord: Arbeidsmiljø, Likestilling, Universitetspolitikk, Filosofi, Administrasjon Av professor Arild Pedersen ved Institutt for filosofi, ide- og kunsthistorie og klassiske språk
Publisert 18. feb. 2011 10:28 - Sist endra 2. sep. 2014 14:04

Om universitetet er blitt tantefisert eller bare litt avmachofisert, skal jeg overlate til andre å dømme, men det er tydeligvis fortsatt helt greit å stå og slå seg på brystet og tøffe seg med det machoakademikere bruker i stedet for store muskler: "Jeg har større hjerne enn deg!" Hvis jeg har fornærmet din enorme intelligens, kan jeg bare svare med at du fornærmer min ved å komme med en mengde personangrep i stedet for å argumentere saklig for ditt standpunkt. For det første har jeg ikke hevdet at rådene er forskningsresultater. Og jeg håper du er enig i at kunnskap om hva som er, er en fordel for å kunne si noe om hva som bør være? For det andre har jeg ikke latt meg bruke av HF-ledelsen, men formulert disse rådene lenge før Nedkvitne-saken, i forbindelse med foredrag om e-post for allmennheten, der jeg nettopp blir bedt om å komme med mine anbefalinger. Dette foredraget har jeg også holdt for administrasjonen ved mitt institutt, og det var de som ønsket at rådene skulle publiseres i instituttets internpublikasjon (som så ble videreformidlet i HF-aktuelt). Det var på bakgrunn av at en del av dem hadde opplevd problemer med ufokuserte, unødvendige, og i blant udannede e-poster. Men hvis du er så tøff som sier, så kan du vel møte opp på kontoret og fortelle dem det ansikt til ansikt, at de er noen pysete kvinnfolk!

jansv@uio.no - 18. feb. 2011 16:02

 

Eksitasjon av kvinnelig entitet kan medføre indre konflikter i form av infantilitet som kan få uventet effekt på et arbeidsmiljø. Den pågående eksperimentering mellom ”mobber” og ”offer” faller ofte sammen med et forangående ”kollektivt jeg” som er til hinder for faglig og personlig integritet.  Personen som ikke underordner seg ”det nødvendige”, risikerer å tiltrekke seg oppmerksomhet langt utover systemet, men forblir likevel ikke et unntaksmenneske. Den ene trekker kollektivet med seg mot en større modning og kompleksitet, og en mindre begrensende menneskelighet.     

aubry@ntnu.no - 18. feb. 2011 17:57

/Users/apederse/Desktop/Svar på tantefiseringx.docx

apederse@uio.no - 21. feb. 2011 13:30

 

Eg machoakademikar? Det kjem an på kva eg blir samanlikna med. Tantefiseringa er jammen komen langt dersom det skulle bli semje om ein slik dom. Men eg har testa hjernemachoen min ut på kollegaer, og ingen av dei har så langt vorte skremde.  Musklane mine derimot….

Nei, eg har ikkje samanlikna hjernen min med  hjernen til Jan Svennevig. Eg har heller ikkje påstått at eg har einenorm intelligens som har vorte fornærma i kraft av storleiken sin. Eg seier berre: “ei fornærming av intelligensen til normale vitskapelege tilsette.” Men det er rett at eg trur normale vitskapeleg tilsette har nokså høg intelligens.

Og nei, eg har ikkje kome med ”en mengde personangrep”. For det første kunne det jo ikkje verta så mange av dei i ein så liten tekst. Men for det andre: Eg ser at Svennevig er forskar innan feltet medie og kommunikasjon. Eg har sjølv drive forsking som ikkje er ukjend med dette området (litteraturforsking), så det skulle vera mogeleg å forstå kvarandre her: Den ”Svennevig” eg går til åtak på er ein ”implied author” generert av tekst og kontekst. Når det gjeld teksten (”råda”), må eg fasthalda at dei er flosklar, og det av ein slik karakter at det er bortkasta tid å gje argument: Det er mi tru at det er nok med ein intelligent smaksdom.

Meir alvorleg er det at ein medie- og kommunikasjonsforskar ikkje ser at konteksten avgjer korleis mottakar må forstå teksten, ikkje berre semantisk, men òg pragmatisk. Svennevig er ikkje så mektig som Humpty Dumpty i Through the Looking Glass. Same kva som har skjedd bak scena, er det det som blir vist på scena, som skal vurderast: I dette tilfellet var scena HF-Aktuelt, som er eit særeige medium, heilt ulikt Uniforum som etter ein del strid er vorte akseptert som eit vanleg, uavhengig presseorgan, og ikkje berre som ein (normativ) informasjonskanal for universitetsleinga, slik HF-Aktuelt er det for HF-leiinga. Straks Svennevig stiller opp med råd på HF-Aktuelt, vert han omforma til ”HF-Svennevig” anten han vil det eller ikkje. At ”Privat-Svennevig” reiser rundt og held føredrag og gjev råd, må han sjølvsagt få gjera, og når det gjeld å presentera instrumentelle imperativ er det sjølvsagt rett at  “kunnskap om hva som er, er en fordel for å kunne si noe om hva som bør være”. Men i eit normativt medium som HF-Aktuelt står dette bør fram som kategorisk imperativ, og eit slikt imperativ hentar ikkje autoriteten sin frå forsking.

Det er elles likevel interessant og avslørande at Svennevig har late desse råda offentleggjera etter ønskje frå administrasjonen. Sjølvsagt ønskjer administrasjonen at dei tilsette skal vera lydige og greie, slik at administreringa kan flyta uforstyrra. Men det er skilnad på administrasjon og forsking. Forskarar er 50% kunstnarar (”context of discovery”) og 50 % logikarar og observatørar (”context of justification”) Forsking er dessutan i sitt vesen konfliktfylt. Falsifisering er pinsamt. Difor skal ikkje administrasjonen sine normer om konfliktløyse gjelda for dei vitskapeleg tilsette.

Men det viktigaste i innlegget mitt var tantefiseringa: Det har no gripe om seg ein sjukeleg lengt etter å ”bomullifisera” samfunnet (Sjå kronikken til min gode kollega på BI, Øyvind Kvalnes: http://www.aftenposten.no/meninger/kronikker/article4034511.ece)

Dette gjev seg utslag i rop om stadig nye Ver Varsam-plakatar. Den siste vert omtala i Uniforum: Ein Ver Varsam-plakat for sosiale medie: (http://www.uniforum.uio.no/nyheter/2011/02/foreslar-kjorereglar-for-sosiale-medium.html)  Der vert det, ved, av alle ting, å visa til Egypt, påpeikt kor viktige slike reglar er: Jau, Mobarak skulle nok ha ønskt seg at ein slik Ver Varsam-plakat hadde vore på plass før revolusjonen.

Når det gjeld Svennevig si oppfordring til meg om å “møte opp på kontoret og fortelle dem (administrasjonen på instituttet hans) det ansikt til ansikt, at de er noen pysete kvinnfolk”, vil det ikkje kunne skje. Ikkje av di eg ikkje er tøff nok. Men eg snakkar om administrasjon som eit strukturelt problem. Dessutan kan eg alt om smale tenestevegar: Det går ingen tenesteveg frå meg til administrasjonen på eit anna institutt.

Heil til slutt eit lite instrumentelt råd til Svennevig: Om ein ønskjer å halda temperaturen under kontroll i ein debatt, er det klokt å venda seg til motdebattanten i tredje person, slik ein gjer det i Stortinget. Bortsett frå det er eg godt nøgd med at han sjølv i praksis ikkje skriv på eit konfliktsky vis.

apederse@uio.no - 21. feb. 2011 13:32

Professor Pedersen kommer med et godt råd til meg, nemlig å bruke tredje person, og det har jeg nå tenkt å gjøre. Rådet er ikke lysende av verken skarpsinn eller vidd, men min erfaring er at råd kan være nyttige selv om de ikke alltid er så originale. Faktisk synes jeg rådet er så godt at jeg skal foreslå at HF-aktuelt trykker det i neste nummer, som "Professor Pedersens kjøreregler for leserinnlegg".

Men argumentene hans i svarinnlegget holder ikke. En av forskjellene mellom skjønnlitteratur og sakprosa er nettopp at sistnevnte ikke har fiksjonaliserte impliserte forfattere, men mennesker av kjøtt og blod, som må stå til ansvar for sine ytringer. Kontekstargumentet holder heller ikke. For det første har jeg ikke "stilt opp i HF-aktuelt", og for det andre presenteres rådene som nettopp mine, og ikke HF-ledelsens. At Pedersen eller andre leser dem som et innlegg i Nedkvitne-debatten, kan ikke jeg lastes for, like lite som Pedersen kan lastes hvis hans leserbrev blir trykt i HF-aktuelt ved Universitetet i Riyad og brukt som argument mot å ansette kvinnelige ledere.

Det mest usaklige stråmannsargumentet i leserinnlegget er likevel at jeg skulle stå for at forskning skal være konfliktløs. Tvert imot prøver jeg meg så ofte jeg kan i faglige fora der kampen er som hardest, nemlig i de internasjonale vitenskapelige tidsskriftene. Det vil jeg anbefale Pedersen også å gjøre, framfor å skrive uendelige leserinnlegg (og kanskje e-poster også?) som ikke bidrar til faglig debatt, bare dårlig arbeidsmiljø.

jansv@uio.no - 22. feb. 2011 09:56

Kjære professor Pedersen!

Tusen takk for lesebrevet ditt. Du skriver at absolutt alle dei administrativt tilsette er kvinner. Det passer veldig bra på hvordan jeg har det. Jeg er en av mange gutter som blir stressa av all tantefiseringen her på bruket.

Jeg har jobbet i flere år på HF. Hver eneste dag kjenner jeg at kvinnfolka som er overalt her virker inn på kropp og sjel. Kvinneligheten har gått inn i meg og tatt helt over.

Og nå har det begynt å tyte ut. Om morgenen i det siste kjenner jeg en nappende følelse av bryster som bare vokser og vokser. Jeg har det ikke godt.

Jeg lurer på om dette er farlig? Hva synes du jeg skal gjøre, professor Pedersen?

Hilsen Ram Gupta

Feminisert administrator på rom 522 HW

ramg@uio.no - 22. feb. 2011 15:07

Professor Arilds innlegg er først og fremst oppklarende for de av oss som trodde

tante-fiseringen var noe helt annet. 

Alf Storrud - 22. feb. 2011 15:16

 

Man kan spørre seg om den kvinnedominansen Pedersen beskriver er reell: 3 av 7 instituttledere er menn, 4 av 11 i fakultetsstyret, og 1 av 3 i dekanatet. Menn er med andre ord representert med ca 30-40% av lederposisjonene, et tall som speiler ganske nøyaktig kjønnsbalansen blant humaniora-studenter på landsbasis (38-39%). I den grad der er ubalanse i systemet, finner vi den blant de vitenskapelig ansatte: Mens mannlige kandidater sto for 48% av alle avlagte doktorgrader innen humanioria i første halvdel av 2010, var andelen mannlige professorer inntil nylig ca. 75% (dette er også tall for humaniora over hele landet, ikke bare UiO).

Man trenger ikke se lenge på de tallene for å skjønne hva som må til for å skape balanse: Det må rekrutteres flere kvinner til faste vitenskapelige stillinger. Det betyr reelt sett at kvinner på en eller annen måte må gis forrang i ansettelsesprosessene. Hvem taper på det? Ikke Arild Pedersen og den eldre garde mannlige HF-professorer, som kan surfe inn mot pensjonsalderen båret oppe av et system som historisk har privilegert dem fordi de er menn. Nei, i den grad noen taper på prosessen er det de mannlige midlertidig vitenskapelig ansatte, som må gjennom et trangere nåløye for å komme inn i faste stillinger. Selv om jeg er en av disse, ser jeg ingen grunn til å beklage meg over dette – all den tid behovet for å opprette en historisk ubalanse er et åpenbart reelt behov. Jeg ser heller ikke mange av mine jevnaldrende kolleger som klager. I en viss forstand må vår generasjon av menn betale for våre fedres synder – men hva pokker skal man gjøre med det. Fedre – can't live with them, can't kill them.

Men én ting har jeg ikke tålmodighet til, her jeg sitter og skriver søknader til forskningsrådet og må konstatere at akkurat mitt postdoc-prosjekt neppe kan bidra stort til "strategiske mål om bedre kjønnsbalanse i akademia": Å måtte høre professorer i Pedersens generasjon syte og klage over kvinnedominans. Jo snarere denne generasjonen og medfølgende holdninger er ute av akademia, jo snarere forsvinner behovet for tiltak som favoriserer kvinnelige kandidater.

Det låter særdeles pinlig når noen som i årevis har nytt godt av et urettferdig system, beklager seg høylydt over at urettferdigheten er i ferd med å rettes opp. Ja, Mubarak-referansen ligger jo snublende nær. Mannlige HF-professorer: Som gruppe representerer dere en kjønnspolitikk som ikke bare har gått ut deres kvinnelige jevnaldrende, men også mennene i generasjonene under dere. Som "en mann til en annen" vil jeg gjerne gjøre Pedersen klar over at i den grad dette er "oss" mot "dem", så er det ikke bare "oss menn" mot "dere kvinner", men i like stor grad "oss gamlingene" mot "dere jyplingene". Og som selvutnevnt representant for jyplingene kan jeg bare si: Ikke vær redd, det går stort sett greit, vi tisser fortsatt stående, men vi har det litt for travelt med å jakte på de få jobbmulighetene dere har etterlatt oss til å kaste bort tid på søkte teorier hvor en samlet kvinnestand på en og samme tid får skylden for konflikter og "konfliktløyse", psykiatriske diagnoser og alt annet som kan være vrangt og dumt.

På vegne av vanvittig mange,

Anders S. Løvlie

Stipendiat, HF

anderssl@uio.no - 22. feb. 2011 15:26

 Sisofys-arbeid

  Den løpende argumentasjonen som presser seg på i dette sisofys-arbeidet er ikke til å misforstå: - ”å stå til ansvar for sine handlinger” og ” skrive uendelige leserinnlegg (og kanskje e-poster også?) som ikke bidrar til faglig debatt, men et dårlig arbeidsmiljø” hevder Jan Svennevig med lukket (u)rettferdighet og ubevegelige referanser til Arnved Nedkvitne.

Arild Pettersen viser, i mange vitners nærvær, til trelldommen under tantehysteriet som kan lyde omtrent slik; ”nei, det synes jeg virkelig ikke at du kan.” Dessuten er det grunn til å tro at sistnevnte talemåte lett gjenkjennes i enhver påkrevet regel for e-postføring.

  Med litt godvilje kan partene tre ut av trelldommen og den kafkaske stemningen som konfiskerer professorater.  Når vi i dag, og kanskje særlig i professorens eget område, opplever en så sterk iver etter å redusere Arnved Nedkvitnes vitenskapelige og personlige omdømme, er det kanskje fordi troen på menneskets sannhet mangler? 

Som vi vet, kan Arnved Nedkvitne komme tilbake til arbeidet ved UIO. Det han ikke greide å fullføre ved egen kraft, nemlig å opprettholde personens rett, ble fullbyrdet med støtte og hjelp fra kolleger og forskerforbund som trosset den bitreste motstand. Inntil videre, kan man velge om man vil flykte landet eller utvikle en administrasjon som er nærværende for personene som utformer det faglige arbeidet ved universitetet.

Heidi Stakset, Trondheim

aubry@ntnu.no - 22. feb. 2011 16:35

Mye tåkeprat fra tante Heidi her!

Ram Gupta (feminisert administrator ved HF)

ramg@uio.no - 22. feb. 2011 17:41

Ram, kan du spesifisere hva du mener med "tåkeprat". Sikter du til alt det du ikke forstår, kanskje?

aubry@ntnu.no - 22. feb. 2011 17:53

 

Kjære Heidi, som administrator er jeg naturligvis for dum til å forstå alt det fine du prøver å si.

For meg representerer det derfor ingen liten intellektuell anstrengelse å redegjøre for hvilke formale og syntaktiske trekk det er ved din tekst som gjør at den er vanskelig å forstå, og som innretter tanken mot meteorologiske fenomener.

Jeg må rett og slette melde pass!

Men jeg er helt sikker på at det er mange, mange vitenskapelige ansatte, ikke bare ved HF men mange andre steder også, som ikke har det minste problem med å forstå hva du sier og som, ikke minst, gleder seg over din elegante tekstlige stil. Fortsett, du!

For det andre, ettersom jeg for lengst er gjennom-tantefisert og mor-fisert (takk professor Pedersen, for innsikten!) til en bevende, konfliktvegrende kvinne, frykter jeg hva videre diskusjon vil føre med seg.

Kanskje alt blir bare, bare leit? Kanskje du blir sint på meg? Kanskje professor Pedersen kommer og banker meg opp?

Ram Gupta Administrator, feminisert og tantefisert

*Ups, det heter visst metamorfisert, jmf ovenfor. Sorry!

 

 

 

ramg@uio.no - 22. feb. 2011 20:14

Det er synd Uniforums kommentarfunksjon ikke har en 'like'- eller 'kudos'-knapp, som på Facebook eller Underskog. For sjelden har jeg hatt større behov for å trykke på en slik knapp, som etter innlegget til Anders Sundnes Løvlie.

Så på vegne av vanvittig mange andre: LIKE, Anders!

Takk også til Jan Svennevig for påminnelsen om at innlegg og kommentarer her, på e-post og i de sosiale mediene som UiOs Vær varsom-plakat omhandler, ikke dreier seg om "impliserte forfattere" og annet schmørdi børdi-tåkeprat, men "mennesker av kjøtt og blod".

 

Forøvrig er både innlegget til Pedersen og svaret hans bare trist. Forresten. Det er jo ganske (ufrivillig) morsomt også, da, og har bidratt til mye munterhet rundt om på Universitetet og nettet de siste dagene. Men mest er det trist.

Tror vi at innlegg av Pedersens type bidrar til å gjøre UiO og HF til attraktive arbeidsplasser for fremtidens vitenskapelige og administrative ansatte – enten de er kvinner eller menn? Jeg tror ikke det. Og fordi Uniforum (med Feide pålogging) ikke åpner for innlegg for andre utenfor Akademia får vi neppe høre hva de mener.

 

Arnt Maasø - 22. feb. 2011 23:41

 

Fordrening av sann kvinnelighet

Fenomenet ”tantifisert” lar seg forstå som en fordreining av kvinneligheten. Jeg ser for meg kvinner (og menn) som har blitt oppdratt til å være flinke og føyelige, og som derved er fratatt muligheten til å utvikle den store lidenskapen som gir livet skjønnhet og fylde. Konstant underdanighet kommer før eller senere til uttrykk som frustrasjon og meningstap, og i stedet for å befri sin sanne kvinnelige kraft, blir mange værende i denne tvingende situasjon og ”reagere” på ubetydeligheter.  Denne tilstand er det mulig å tre ut av når vi kjenner  verdien av ”den enkelte”.

Heidi  

 

aubry@ntnu.no - 23. feb. 2011 00:44

Til Arnt Maasø

Din observasjon er helt korrekt: "Tror vi at innlegg av Pedersens type bidrar til å gjøre UiO og HF til attraktive arbeidsplasser for fremtidens vitenskapelige og administrative ansatte – enten de er kvinner eller menn?"

Og føyer til for egen regning: Ikke bare innlegg av denne typen, men tilstedeværelsen av surmagete og komplett usaklige dinosaurer av typen pedosaurus er det viktigste bidraget i så måte.  Men heldigvis, blant annet fra geologien og paleontologien lærer vi at det før eller siden kommer en komet og utsletter dem. 

Til Astrid Charlotte Lied

Nå vet jeg hvem som har skylda for puppeveksten min! (jmf mitt innlegg nr. 1 ovenfor).

 

 

ramg@uio.no - 23. feb. 2011 00:45

 

”I en viss forstand må vår generasjon av menn betale for våre fedres synder – men hva pokker skal man gjøre med det. Fedre – can't live with them, can't kill them” Anders S. Løvlie

Er dette ungdommelige anfall av et ”fadermord” noe som vanvittig mange liker, Arnt Maasø? Og som gjør Uio til en ”attraktiv” arbeidsplass?

Heidi

 

aubry@ntnu.no - 23. feb. 2011 00:48

 

Til Anders S. Løvlie:

Han har heilt rett: Vi skulle hatt fleire kvinnelege professorar. Men eg har godt samvit. Eg har aktivt gått inn for radikal kjønnskvotering i form av aktiv ”kalling” av kvinner, òg i innlegg her i Uniforum, inntil det vart klårt at det var i strid med loven. Og jau, kjønnsfordelingstala er betre no enn i førre  perioden, men Løvlie har ikkje fått med seg tal frå den stadig voksande administrasjonen. Likevel, tantefisering er ikkje kjønnsfiksert: Der finst òg menn som lengtar etter eit bomullsinnpakka liv under Ver Varsam-plakatar, og som ser på kritikk som ein trussel mot arbeidsmiljøet.

 

 

Når det gjeld Svennevig:

Eg ser ikkje noko poeng i å halda fram med å utdjupa usemja med Svennevig. Råda mine var instrumentelt mislukka. Og han var trass i alt ikkje hovudpersonen i lesarbrevet mitt. Men eg skal kommentera den siste setninga i innlegget hans: ”..framfor å skrive uendelige leserinnlegg (og kanskje e-poster også?) som ikke bidrar til fagleg debatt, bare dårleg arbeidsmiljø.”  av di ho indirekte peikar på viktigare ting:

 

Sjølvsagt har innlegga mine ikkje tatt sikte på å bidra til ein fagleg debatt. Dette har vore innlegg i ein fagpolitisk debatt. Heller ikkje bidrar dei til dårleg arbeidsmiljø. Her har Svennevig snudd ting på hovudet: Det er av di det eg kallar tantefiseringa og byråkratiseringa allereie har laga eit dårleg arbeidsmiljø at eg har skrive dei. (At tantenalistane får dårlegare arbeidsmiljø av innlegga mine, kan ein vona, men det er lite realistisk.)

Reaksjonane eg har fått tyder på at eg ikkje er heilt åleine om å meine dette. Så det eg har gjort er rett og slett å uttrykka denne kritikken gjennom eit fritt og uavhengig presseorgan (Uniforum), som ikkje er ein publiseringskanal for vitskaelegeartiklar, men som har eigen spalteplass for slike fagpolitiske innlegg. Det kallast demokrati, noko som no til og med arabarar ønskjer seg.

Eg kan sterkt tilrå det.

Fleire på universitetet skulle ta det i bruk medan vi kan.

 

apederse@uio.no - 23. feb. 2011 08:22

Kjære professor Pedersen,

Du hevder at dine innlegg ikke skaper dårlig arbeidsmiljø.

Har du ikke sett at korridorene rundt deg så plutselig er fylt til randen av gråtende kvinner som sjokkert forsøker å ta inn over seg at deres blotte, kvinnelige nærvær er slik en trussel mot din manndom? Ser du ikke den brutale virkelighetsorienteringen disse kvinnene er et offer for?

Jeg har måttet sende hjem to studiekonsulenter i dag etter at jeg ble tvunget til å fortelle dem at det de egentlig var ansatt for, var å smugle Ritalin og østrogen ned i matboksen din og overvåke dine toalettbesøk. Ikke fordi disse arbeidsoppgavene var noe helt annet enn det de hadde sett for seg, men fordi det gikk opp for dem at professor Pedersen ikke kom til å sette pris på deres utrettelige innsats.

En kan bli langtidssykmeldt av mindre, professor Pedersen.

 

Hilsen Tante Sofie

 

Astrid Charlotte Lied - 23. feb. 2011 11:21

Pedersen etterspør tall på de administrativt ansatte. Nå kan man jo hevde at alt dette er tall han burde undersøkt selv før han skrev innlegget om de "reine kvinnemiljøa" ved HF, men nok om det. Ifølge hf-sidene er 73 av 220 administrativt ansatte ved HF menn - ganske nøyaktig 33%. Sammenligner vi med studenttallene betyr det at menn er underrepresentert med 5-6 prosentpoeng i administrasjonen, mens de altså er overrepresentert med 36 prosentpoeng blant de faste vitenskapelige ansatte.

anderssl@uio.no - 23. feb. 2011 11:49
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere