Seniorprofessor – og prof.em. – eller pensjonert professor?

Dersom ein ikkje vil ta steget fullt ut og gjere professorane til ”vanlege pensjonistar” og rett og slett seie og skrive pensjonert professor, så bør ein i alle fall heretter berre bruke forkortinga prof. em., så slepp ein heile ståket med latinske bøyingar, som berre rotar det til for folk flest, skriv språkprofessor Arne Torp.

I språkspalta på HF har det den siste tida vore ein diskusjon om kva ein skal kalle professorar som har gått av for aldersgrensa. Alle eg hadde nær sagt normale menneske blir jo pensjonistar når dei ikkje lenger er yrkesaktive, men ikkje ein professor, han blir professor emeritus, og dette gjeld utan omsyn til kva biologisk kjønn personen måtte ha, for her er det latinsk genus, og ikkje sexus, som avgjer, for å halde fram på latin. Ei professor emerita er altså eit grammatisk misfoster , både på norsk og latin, jamvel om forma professor emerita faktisk er observert på minst ei nettside ved eit anna nordisk universitet, brukt om ein pensjonert kvinneleg professor.

At dette misfosteret i det heile kan dukke opp og jamvel bli støtta av han som skriv dette før han kom på betre tankar, viser nok berre at latinkunnskapane i alle fall på HF (og truleg også andre stader) i dag kanskje er slik at ein Per Degn ville vore sprenglærd i samanlikning, for å alludere til Holberg. Dette tyder vel på at emeritusen kan ha overlevd seg sjølv, ettersom dei som etter kvart blir professores emeriti,vil ha problem med å forstå kva dei skal kalle seg i hankjønn og hokjønn og eintal og fleirtal, eller i fall ikkje, kunne svare på kvifor det skal heite akkurat slik.

Men no er altså løysinga funnen, og ho kjem frå ein uventa kant, nemlig frå det miljøet ved universitetet der latinkunnskapane presumptivt skulle vere best, nemleg Det teologiske fakultetet. Fleire har lagt merke til at på dette fakultetet opererer ein i dag med noko som heiter seniorprofessor – denne tittelen står bak ganske mange namn på heimesidene deira. Men i parentes etter denne greie ”norske” tittelen står det så (prof. em.), så den tradisjonelle termen er altså ikkje heilt avskaffa. Den som ikkje veit betre, ville vel då tru at denne parentesen berre er eit slags forklarande tillegg, men slik er det ikkje.

Då eg vende meg til fakultetet for å få greie på korleis dette heng saman, fekk eg dette svaret på e-post frå seniorkonsulent (sic!) Mathias H. Eidberg, som er informasjonsansvarleg ved TF:

Ved pensjonering tilbys professorene en ordning hvor de får en godtgjøring innenfor det de kan få som pensjonister, og tilgang til kontorplass, IT osv. De kan da ta ulike faglige oppdrag for fakultetet fremdeles, og publiseringen deres registreres da på fakultetet. Ikke minst dette siste er en viktig side ved ordningen for fakultetet, da f. eks. publiseringstallene for 2009 viser at seniorprofessorene utgjør en viktig del av lista. Men vi har altså ikke avskaffet emeritustittelen, og de som ikke går inn i ordningen, blir heller ikke titulert som seniorprofessorer.

Slik heng det altså saman. Om eg har forstått saka rett, er altså alle seniorprofessorar samtidig professores emeriti, men ein professor emeritus blir ikkje automatisk seniorprofessor når han går av for aldersgrensa eller tek ut såkalla avtalefesta pensjon (det siste er forresten ganske uvanleg i denne yrkesgruppa). Det betyr altså at ein seniorprofessor alltid også er pensjonist, mens det nok ikkje er tilfellet for t.d. ein seniorkonsulent, for biletet på nettsida til TF viser nokså klart at den seniorkonsulenten som sende den klargjerande utgreiinga over, nok ikkje ville kvalifisert for alderspensjon i Hellas eingong.

Denne nokså laussleppte bruken av førestavinga senior- i mange yrkessamanhengar i vår tid kan dermed gjere ein noko tvilande til om det ville vere lurt å innføre seniorprofessor som allmenn erstatning for professor emeritus. Eg trur derfor det kan vere greitt inntil vidare å halde på den språkbruken dei har etablert på TF: Seniorprofessorar er rett nok pensjonistar, men dei er samtidig også yrkesaktive. Dette er ei fin ordning, som eg trur mange av mine yrkesbrør og -systrer vil ha interesse av å nytte i åra framover, dersom det blir høve til det.

Det betyr at ein altså ikkje avskaffar pensjonisttittelen professor emeritus, men gjer som teologane her også: Dersom ein ikkje vil ta steget fullt ut og gjere professorane til ”vanlege pensjonistar” og rett og slett seie og skrive pensjonert professor, så bør ein i alle fall heretter berre bruke forkortinga prof. em., så slepp ein heile ståket med latinske bøyingar, som berre rotar det til for folk flest.

Dette er det elles god tradisjon for i norsk akademisk titulatur: Før styremaktene bestemte at studentar skulle bli amerikanske ”bachelors” og ”masters”, var me candidati og candidatae magisterii, philologiae osv. i fleirtal, og kvar enkelt var candidatus og candidata. Men dette var det jo ingen som brydde seg med til dagleg; både i tale og skrift var det berre cand.mag. og cand.philol. (I parentes vil eg gjerne leggje til at eg for min del etter ”kvalitetsreformen” praktiserer sivil ulydnad så ofte eg kan og skriv og seier BA og MA, så eg slepp å vri kjeften av ledd når eg ”burde” sagt ”bærtsjeler” og ”mææster”.)

Konklusjon: Gjer gjerne som teologane og Ole Brumm: Seniorprofessor og prof.em. – ”ja takk, begge deler”! Så får vel universitetet sentralt etter kvart vurdere om tida kanskje er moden for å kalle også professorar pensjonistar, for det blir me før eller seinare alle saman, om me er så heldige å leve lenge nok.

 

Emneord: Språk, Språkpolitikk Av Professor Arne Torp ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium
Publisert 3. juni 2010 10:22 - Sist endra 2. sep. 2014 14:03
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere