Portal-kamp

Den gongen sa me: Posten skal fram, Det går alltid eit tog, Sikkert som banken. Det einaste som er sikkert no for tida, er at alle må bruke Skjermen.

Portal-kamp. Eg las ordet for meg sjølv. Det likna litt på Pokal-kamp,noko eg var med på i ungdomen då skilaget mitt frå Nordbygda hadde tevling med skilaget frå den litt meir urbane Sørbygda. Men no er det Portal-kamp som gjeld, utan ski på beina, inne framfor Skjermen.

Då eg var barn hadde ingen høyrt om Skjermen. Me hadde høyrt om steintavlene til Moses, og om spåkjerringar med kuler av glas framfor seg. Den gongen sa me: Posten skal fram, Det går alltid eit tog, Sikkert som banken. Det einaste som er sikkert no for tida, er at alle må bruke Skjermen.

No er det slik at det store Departementet har bestemt at me på Blindern må halde oss med eit nytt dyr, Portal-dyret. Eg veit ikkje om Portal-dyret eri slekt med Bygdedyret som Tor Jonsson skreiv om, men det som eg kjennermeg viss på, er at dette dyret er ein handtlangar for Store Bror som George Orwell skreiv om. Dette dyret må få veta alt; når me er sjuke og når me dreg på ferie, og gjerne kven me deler seng med og namna på ungane våre,som slett ikkje er ungar lenger.

Og når me har vore på fagleg reise og vil ha att pengane som me har lagt ut – ja, då må me gå i nærkamp med Portalen. Ingen Portal-kamp, ingen pengar! Slik er det.

Eg hadde vore på konferanse og måtte altså møte Portalen. Det gjekk stygge rykte om Portalen. I krokane vart det kviskra om at han var ein umogen og framfusen tenåring som ikkje hadde lært seg vanleg folkeskikk enno. Eg var litt spent då eg starta Portal-kampen. Men det såg faktisk enkelt ut. Tid og stad opplyste eg om, namn på hotell... eg let den veslegnagaren gli att og fram medan eg klikka på det eine gule feltet etter detandre. Men så var det stopp. Portalen rikka seg ikkje. Hm... kan hende vardet Firefox, den slu reven, som hadde spela meg eit puss? Kan hende likar han ikkje Portal-dyret? Eg måtte gje opp for dagen.

Men eg kom på at eg nyleg hadde fått ei melding på Skjermen om at dagen etter skulle det vera eitlynkurs i Portal-kamp borte hjå Helga Eng. Kan hende ville det vera lindring og trøyst å få der, og kan hende kunne det vanke eit nyttigt triks òg.
Dagen etter gjekk eg til Helga, men vart ikkje særleg klokare. Mitt problem  var nok litt spesielt. Eg gjekk til vår lokale Mor Godhjarta for å spørja om råd. Mor Godhjarta er ein av desse snille damene som steller med pengane våre. Ho er på mi side, det er eg viss på. Ho har nemleg hjelpt meg fleire gongar før.

Eg fekk nokre tips av henne, og så sette eg i gang igjen. Eg sveitta. Portalen vart meir og meir stressa og tok til å sende ut feilmeldingar. Eg klikka på eit felt der det sto “hjelp”. Men då spytta Portalen ut ei melding på tysk. Ja, vyrde lesar – du har lese rett: på tysk! Portalen er altså ein tysk innvandrar! Jaha, tenkte eg... kan hende er det logisk... “Wenn jemand eine reise tut,dann muss er ’was erzählen” lærde eg for ein del år sidan, trur eg. Var det difor Portalen skulle veta alt om reisa mi? Men... var det “må fortelja”? – var det ikkje “kan fortelja”? “Ordnung muss sein” heitte det òg, men dette var før muren ramla ned har noken fortalt meg. Kan hende hadde Portalen høyrt desse to ordtaka av bestefar sin og blanda dei saman? Eg prøvde litt til. Men då kom det ut om lag tjuge liner med feilmeldingar i kodespråk. Eg skjøna ikkje stort, men eg skjøna såpass at no banna Portalen stygt. Eg gjekk til Mor Godhjarta for å søkje trøyst. Kanskje ho ville vera samd i at eg hadde bruka nok tid på Portal-kamp for denne gongen, og at me kunne gjera det på gamlemåten i ein overgangsfase?

Etter neste reise hadde Portalen kanskje blitt meir vaksen? Ja, Mor Godhjarta smilte og sa at me kunne håpe at dette gjekk an. Nokre få dagar gjekk eg rundt i håpet. Imellomtida trefte eg på ein skulekamerat på den lokale krambua. Han hadde jobba i Kringkastinga den gongen dei fekk eit slikt portal-dyr der. Han sa at eg måtte stålsetja meg. Portal-dyra må få sitt. Ein slepp ikkje unna, ogetter eit par år må portal-dyra til data-doktoren – eller dei må oppgraderast,som spesialistane seier. Og då er ballet i gang igjen.

Eit par dagar seinare fekk eg ei melding frå ei dame som arbeider på Portal-hjelpa. Ho hadde belte i Portal-kamp, så om ho og Mor Godhjarta og eg slo oss saman, så skulle me nok klare Portal-kampen i lag, sa ho. Detkjendes godt ut – det fanst ei dame til som var på mi side i kampen. Mor Godhjarta kom til kontoret mitt. Og så starta me Portal-kampen framfor Skjermen. Hm, sa ho undrande... Skjermen ser ikkje slik ut som han plar sjå ut når me driv Portal-kamp. Bra! tenkte eg – så er eg ikkje komplett idiot! Etter nokre minuttar sa ho at me måtte ringje Dama med belte. Dama med belte og Mor Godhjarta prata i lag, og etter halvannan time hadde dei klart å slette gamle data for å starte ein ny runde med blanke ark. Men diverre var Portalen enno ikkje i godlage. Skjermen såg ikkje slik ut som han skulle når ein dreiv med Portal-kamp no heller. Dette skjønar eg ikkje, sa Dama med belte. Ho måtte spørje trenarane sine, eller Systemfolka, som ho kalla dei.

Etter ei stund fekk eg melding på Skjermen frå Dama med belte, med ei oppskrift på korleis eg skulle handsama Portalen i dette tilfellet. Eg sa eg måtte vente med Portal-kampen til neste dag. Eg ville ikkje ta sjansen på
at den slu reven Firefox skulle øydeleggje alt like før arbeidsøkta var slutt.

Neste dag starta eg ein ny runde. “Høyreklikk her... velg så...”... sto dei oppskrifta. Det verka faktisk!

Den kvelden låg eg på sofaen. Eg var stolt som ein hane. Eg hadde klart ein runde med Portal-kamp! Men så kom vonde tankar sigande. Eg tok til årekne på kor mange arbeidstimar me hadde bruka, Systemfolka, Dama med belte, Mor Godhjarta og eg – ja... kor mange timar me hadde bruka til saman for å få Portalen til å svelgje den enkle reiserekninga mi med berre to postar.

Om fleire enn eg hadde slike problem... ja, om mange hadde slike problem...kor mange arbeidstimar ville det gå med i løpet av eit år? – til dømes rekna om til stipendiatstillingar? Det svimla for meg. Slike vonde tankar må ein ikkje tenkje! Portal-dyra nyttar det ikkje å vinne over. Det ville bli som Karius og Baktus sin kamp mot tannlækjaren. Me hugsar korleis det gjekk.

 

Emneord: Arbeidsforhold, Arbeidsmiljø Av fysikkprofessor Jan Olav Eeg
Publisert 22. nov. 2010 15:21 - Sist endra 2. sep. 2014 14:03
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere