Meir pensum på nynorsk

I dag er ein marginal del av pensumet ved universiteta og høgskulane på nynorsk. Det er ei av årsakene til at mange studentar vel å bytte frå nynorsk til bokmål. Vi krev at universitets- og høgskulesektoren blir med på å snu utviklinga.

MEIR NYNORSK: Noregs Mållag og Norsk Målungdom krev at ein større del av pensum på universiteta og høgskulane kjem på nynorsk.(Arkivfoto)

MEIR NYNORSK: Noregs Mållag og Norsk Målungdom krev at ein større del av pensum på universiteta og høgskulane kjem på nynorsk.(Arkivfoto)

Foto: Ståle Skogstad


Kvart år byrjar nye kull med studentar på universitet og høgskular dominerte av engelsk og bokmål, både på pensumlister, nettsider og eksamensoppgåver. Det gjer at det blir vanskeleg for dei nye studentane å halde på nynorsken.

Praksisen ved universiteta varierer: Universitetet i Bergen legg i større grad enn Universitetet i Oslo (UiO) til rette for nynorskbruk. Der leverer no 7 prosent av masterstudentane masteroppgåve på nynorsk, medan det tilsvarande talet ved UiO er 2 prosent, i følgje studentavisa Universitas.

UiO og dei andre nasjonale utdanningsinstitusjonane har eit særleg ansvar for å fremje bruk av nynorsk, ikkje minst med tanke på kor mykje språkleg kompetanse denne sektoren rår over.

I dag blir det skrive og omsett mange bøker til innføringsfag med mange studentar, som til dømes i ex.phil.

Her bør universiteta og høgskulane leggje til rette for at ein større del av desse innføringsbøkene blir skrivne på og omsette til nynorsk. I tillegg har institusjonane eit ansvar for å synleggjere relevant litteratur på nynorsk som alt finst.

Her har sektoren ein lang veg å gå.

Emneord: Språkpolitikk, Nynorsk Av leiar i Noregs Mållag Håvard B. Øvregård, leiar i Norsk Målungdom Maria Svendsen
Publisert 23. juni 2010 10:30 - Sist endra 2. sep. 2014 14:03
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere