Hjernevaska vitskapsfilosofi

Universitetsleiinga burde ikkje vera nøgd med at når det no, etter mange år, bryt ut ein ny vitskapsfilosofisk debatt i tilknyting til fag ved UiO, denne gongen sosiologi og tverrfagleg kjønnsforsking, så skjer dette utanfor universitetet, i TV og aviser, skriv filosofiprofessor Arild Pedersen.

Og på eit vis som ikkje akkurat styrker omdømmet når UiO skal be om meir pengar til forsking hos ein forskingsminister som helst vil halda fram med kvileskjer. Men eg trur ikkje dette er tilfeldig, og universitetsleiinga kan takka seg sjølv.

Då det nye pensumet for Exphil og Exfac vart innført i 2003, vart i røynda vitskapsfilosofi avskaffa som ein felles refleksjonsstad for kva som kjenneteiknar, skil og sameinar dei ulike vitskapane på universitetet. Før 2003 inneheldt Exphil viktige diskusjonar om tilhøvet mellom naturvitskap (t.d. biologi) og humaniora (t.d. litteraturvitskap) og samfunnsvitskap (t.d. sosiologi), medan Exfac inneheldt ei drøfting av generell rasjonalitet som eit grunnlag for vitskapleg tenking. I Exphil-pensum i dag er alt dette borte.

Vitskapsfilosofi vart erstatta med etikk, som om vi ikkje har nok drøs om moral i Noreg. I staden skulle Exfac ta seg av det som var att av vitskapeleg rasjonalitet. Men dette viste seg snøgt å verta ein pulverisert rasjonalitet. Dei ulike Exfac vart reduserte til reine metodekurs med spesifikk relevans for kvart sitt fag.

På HF er pulveriseringa gått så langt at ein heller burde tala om Exprog. I Exfac lærer ein inkje om den vitskaplege rasjonaliteten i andre fag. Vi har fått mange postmoderne, små forteljingar om fornufta, men ingen stad der ein kan reflektera over det rasjonelle fellesskapet som skulle gjera eit universitet til ein einskap.

Professor Harriet Bjerrum Nielsen var ein av pådrivarane i Universitetsstyret for å innføra denne ordninga, og eg må innrømma at eg den gongen tolka dette på paranoid vis: Kjønnsforskarar er nok redde for at det dei seier, skal avslørast som rein ideologi, difor ønskjer dei å fjerna eit filosofisk refleksjonsperspektiv som kan gjera dette. Og feministar har sjølvsagt ein moralsk agenda.

Rett nok har Bjerrum Nielsen no kome med utsegner som gjev inntrykk av interesse for vitskapsfilosofi. I eit innlegg i Aftenposten 19. mars i samband med Harald Eia sine Hjernevaskprogram, trer ho fram som vitskapsfilosof: ”Uansett fag baserer forskere seg på krav om argumentasjon, systematikk og konsistens, og om at man må kjenne forskningen på sitt felt.” I eit anna innlegg legg ho fram ein generell, men særs dualistisk vitskapsfilosofi (nærast ei toregimentslære) om tilhøvet mellom naturvitskapar og meiningsvitskapar.

Men at hennar vitskapsfilosofi er kontroversiell, og like lett å kritisera som den forskinga på hennar tverrfaglege senter, som han skulle stø opp under, syner ho ikkje medvit om. Difor har eg større sans for hennar eiga oppfordring i hennar 19. mars–artikkel, som eg vil senda vidare til universitetsleiinga: “Universitetet i Oslo burde nok heller sjekke kvaliteten på sin metodeundervisning.”

Om vi hadde hatt det gamle Exphil/Exfac-opplegget, eller ein oppdatert versjon av det, ville lærarane der straks ha flytta desse vitskapsfilosofiske diskusjonane inn i undervisinga til dei nye studentane. Og ingen på universitetet kunne skjula seg bak vankunne når slike spørsmål kom opp mellom forskarar.


 

 

Emneord: Kvinne- og kjønnsforskning, Filosofi, Forskningsformidling Av filosofiprofessor Arild Pedersen
Publisert 6. apr. 2010 10:28 - Sist endra 2. sep. 2014 14:03
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere