UiO mot 2020: Kvalitet i førarsetet!

Rektorlaget har eit innlegg i Uniforum 22. oktober der temaet er at kvalitetsomgrepet bør setjast under debatt. Innlegget kjem i ei tid UiO arbeider med ein ny strategiplan som skal gå fram til 2020. Men eg håpar strategiplanen er klarare enn innlegget i Uniforum, skriv Terje Lohndal.

Dannelsesutvalget er inspirerte av USA og fokuset på danning som mange av universiteta har. Etter mitt syn er dei inspirerte med god grunn. Etter å ha tatt til på ein ph.d. i lingvistikk, direkte frå ein BA ved UiO, så kan eg trygt skrive under på at skilnadene er store.

Dette semesteret har eg gleda av å vere undervisningsassistent på eit innføringskurs i setningsstruktur. Noko av det vi fokuserer mest på, er faktisk generell argumentasjonslære, altså korleis studentane skal bruke data til å argumentere for eller imot analysar. Dette er vonleg med på å gi dei sjølvstende på ein heilt annan måte enn om ein fastsett analyse blei tredd nedover hovudet på dei.

I klasserommet er det også ein heilt annan dynamikk enn eg nokon gong opplevde på UiO, men så er deltaking i timane også ein del av vurderingskriteria. I tillegg til alt dette så skriv dei mykje meir enn norske studentar gjør. Ein eller to gonger i veka leverer dei inn oppgåver som dei får tilbakemelding på. I høve til Noreg, så styrer og kontrollerer vi studentane mykje meir her borte, men samstundes er dette ein viktig del i arbeidet med å utvikle deira evne til å tenkje vitskapleg.

Rektorlaget stiller spørsmål ved om utdanninga som UiO gir er lagt opp til den autonomien studentane skal ha. Mi erfaring frå HF er at svaret på det er nei, og nei fordi autonomien ikkje blir utført på riktig måte. Her er det mykje å arbeide med, både for Rektorlaget og andre.

Rektorlaget oppfordrar til debatt i fagmiljøa, men eg håper også at dei klarare seier noko om nettopp kvar dei meiner UiO bør gå for å betre kvaliteten. Dei bør utvikle konkrete tiltak, gjerne basert på det Dannelsesutvalget skriv, og desse tiltaka bør bli ein del av strategiplanen.

Rektorlaget skriv at ”Vi kan øke gleden og lysten over kunnskapens grunnlagsproblemer ved å gi rom for de store spørsmål i vår tid”. Det er heilt sant, men ver konkret på korleis dette kan gjørast.

Desse problemstillingane gjeld like fullt for forskarutdanninga. Nokre av oss meiner at Noreg har store utfordringar når det gjeld forskarutdanning. Eg vil oppmode Rektorlaget til å setje i gang ei evaluering av PhD-utdanninga ved UiO. Både NTNU og UiA har gjort dette nyleg, og HF sin nye dekan i Bergen har sett i gang ein liknande prosess på sitt fakultet. Det vil vere merkeleg om desse universiteta ser eit behov som UiO ikkje ser.

Eg meiner mellom anna at det bør vere klarare opplæringskrav til stipendiatane, og ein bør også vurdere om det skal vere meir etikk og vitskapsfilosofi i opplæringsdelen. Slik det er nå, verkar det rimeleg tilfeldig frå program til program. Krava til studentane er også ikkje-eksisterande samanlikna med kva vi har i USA, og resultatet blir utvilsamt ei dårlegare opplæring. Her ligg det ei stor og uløyst oppgåve, som nett handlar om kva kvaliteten i utdanninga skal vere.

Som ein del av dette, bør ein også vurdere å samordne MA og ph.d. i større grad enn i dag, der det er muleg. Både ved UiO og andre stader har ein fått fleire forskarskolar, særleg på medisin, og Rektorlaget bør sjå på om desse kan utvidast til å gjelde fleire. Center for Advanced Study in Theoretical Linguistics i Tromsø har i fleire år hatt ein slik forskarskole, med stor suksess. Men også dei møter utfordringar ved det formelle skiljet mellom MA og ph.d.

Humanistiske fag har i særleg grad mykje å arbeide med på dette området, både i Oslo og andre stader, og Rektorlaget bør gå i front og setje agendaen her. Dei bør stille konkrete krav til kva ph.d.-ar skal innehalde, og desse krava bør vere mykje høgare enn dei er i dag.

Det er bra at Rektorlaget oppmodar til debatt kring kvalitet i utdanninga, men dei bør vere meir aktive. Bruk makta de har til å setje dagsorden! De bør omforme visjonane til konkrete handlingsplanar som får konsekvensar ned på instituttnivå.

De bør ha mot til å vere ambisiøse på UiO sine vegner og setje krav til korleis danning og betre kvalitet faktisk skal implementerast. Strategiplanen skal gå meir enn ti år fram i tid. Då er det lov til å tenkje stort og langsiktig.
 

 

 

Emneord: Undervisning, Studentsaker Av ph.d.-student Terje Lohndal ved University of Maryland i USA
Publisert 30. okt. 2009 14:50 - Sist endra 2. sep. 2014 14:02
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere