Nytte og danning

Innføring av liberal arts er eit viktig tiltak for å skape nyttige kandidatar for samfunnet. Liberal arts er også eit av dei viktigaste karriereverktya for ein student i dag, same kva han eller ho siktar mot.  

Som fagreferent i samfunnsøkonomi ved Universitetsbiblioteket, så er eg i marknaden for bøker, tidsskrifter, databasar, bloggar, websider, institusjonelle arkiv kvar dag for å vurdere kjøp, lenking og tips til teknologiske løysingar som har relevans for biblioteket sine funksjonar.

Det er enorme mengder som blir tilbydde på marknaden eller er tilgjengelege gratis. Berre kvartalsvis vekst av innhaldet på verdas serverar utgjer snart samla innhaldsproduksjon i alle medium fram til år 2000, og eg trur ikkje det går så mange år før me har denne volumveksten per månad heller.

Nesten all kommunikasjon utanom trykte bøker og konferansar går med nesten farten av lyset, og den fyrste av i alt 16 satellittar for å knyte resten av verda opp med trådlaust breiband, skal etter planen skytast opp i slutten av 2010.

Verkty som trengst for å lage universitet, finst i nettskyer, og stadig billegare og meir effektive laptopar er med på å utvide forskingssamfunnet veldig raskt. Land som for få år sidan knapt fanst på forskingshorisonten, er i dag gigantar i internasjonal forskingssamanheng.

Fleire og fleire av akademiske nyvinningar kjem til ved å bruke nettopp innhaldet på verdas serverar til å finne ut nye ting, eller å belyse tidlegare resultat ved hjelp av nye metodar. Det gjeld både maskinell handtering av tekst, datamateriale, eller som eit medium til å formidle tankar og idear.

Det som etter mi meining er veldig interessant, er at desse produktive og nytenkjande forskarane med heilt nye metodar oftast er veldig kunnskapsrike og aktive brukarar av vitskapsteori og klassisk danning.

Det ser for meg ut som at "ex.phil.-pensumet" står sentralt i alt dei føretek seg, stikk motsett det eg gissar kanskje er vanlege fordommar, at desse nye forskarane med moderne datamaskiner ikkje lenger har bruk for å vite noko om klassisk, vitskapeleg danning. Tverrfagleg forsking og grunnleggjande nytenking av fag og metodar er normen.

No trur ikkje eg at god klassisk, vitskapeleg danning nødvendigvis fører til at fleire norskingar vert deltakarar i desse moderne forskingsaktivitetane, det er mange andre faktorar som også må vere på plass, men eg vil seie at eg meiner å sjå eit mønster i at forskarane ved forskingsfronten i dei faga eg fylgjer med i, har interesse for og nyttar sine kunnskapar frå klassisk danning veldig aktivt i forskinga si.

Miljøet rundt Cyber-Enabled Discovery and Innovation i National Science Foundation i USA synest eg er eitt av mange døme på det eg seier.

Det er klart at enkelte flinke studentar og forskarar fint greier å orientere seg i klassiske, vitskapelege tradisjonar på eiga hand, men eg trur samstundes dei fleste fyrst oppdagar verdien av desse verktya etter at det er for seint til at dei kan byggje ein student- eller yrkeskarriere på dei.

På dei amerikanske universiteta med liberal arts på pensumet får dei i det minste sjansen til å lære dette tidsnok.

For å innføre liberal arts i Noreg så trur eg det er naudsynt å gjere noko med vidaregåande utdanning fyrst. Får ein ikkje sikra at studentane har tilstrekkelege forkunnskapar, spesielt i matematikk, så vil ein ikkje kunne gjennomføre ein forsvarleg pensumplan med vekt på hovudpensumet og i tillegg ha plass til liberal arts som ein del av bachelorgraden.

Eg meiner at universitetsleiinga må gje studentane eksplisitt melding om at dei ikkje for tida har mulegheit til å tilby studentane ei fullstendig utdanning. Overført på bilproduksjon: Du får bilen, men det er nokre viktige delar som manglar. Desse delane må du sjølv kartleggje, skaffe og installere.

Når dei beste universiteta i verda ikkje legg seg på denne linja, så er det av di dei er best.

 

 

Emneord: Undervisning, Studentforhold Av Pål M. Lykkja; fagreferent i samfunnsøkonomi ved Bibliotek for humaniora og samfunnsvitskap
Publisert 22. okt. 2009 18:02 - Sist endra 2. sep. 2014 14:01
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere