La argument leve!

Det er eit stort behov for fagfolk med mediekomptanse, og eit stort behov for fagfolk som kan formidle. Difor bør argument få støtte til å drive vidare, skriv Anne Viken, tidlegare redaktør og oppstartar av studenttidsskriftet.

BER FOR argument: Frilansjournalist og bloggar Anne Viken ber for studenttidsskriftet argument som får mindre pengar enn det bad om frå Velferdstinget.

BER FOR argument: Frilansjournalist og bloggar Anne Viken ber for studenttidsskriftet argument som får mindre pengar enn det bad om frå Velferdstinget.

Foto: Privat

Det er alltid interessant å høyre Velferdstinget uttale seg om studentmedier, og Velferdstingets stadig sviktande kompetanse på medier er eit sterkt signal om kor viktig det er å behalde flest mulig medier på campus.

Media er eit felt som er viktig å ha kjennskap til, uansett kva sektor ein seinare tenker seg å arbeide innanfor, og formidling er ein redskap ein treng uansett kvar ein har tenkt seg etter studiene, men no har Velferdstinget innvilga kun 208 240 kroner til argument, skreiv Universitas sist veke. argument søkte om 360 000.

Eg var redaktør då argument starta opp, og vi opplevde også den gongen inkomptansen på media i det såkalla studentpolitiske miljøet. For medan mediene på campus, med Universitas som det fremste eksempelet, er nær opp mot profesjonelle, er studentpolitikken og institusjonane deira på eit ganske anna nivå. Dei diskuterer om mediet er ein studentpublikasjon eller eit studentmedium, og ser ut til å definere det utfrå eige godtbefinnande.

argument har mista mykje støtte. No seier eg ikkje at argument er eit utelatande bra konsept, kvalitetsfallet har vore påfallande siste par åra, men eit foretak som fremmer kompetanse i formidling, har ein eigenverdi som ikkje skal undervurderast. No har dei blant anna sett i gang kurs for å lære opp skribentane i journalistisk tankegang, samt planlegg å knyte til seg fotografar, noko som kan gi både læring og nivåheving.

Det er eit kjent problem at fagfolk og forskarar kjem ofte til kort i formidling, noko ein raskt erfarer som journalist. Mange forstår ikkje korleis media fungerer, dei kjenner ikkje til korleis journalistar jobbar og manglar elementær kunnskap om offentlig debatt, noko som er påfallande i yrke som forvaltar kompetanse, som mottek betydelig beløp i statlig støtte og ergo burde vere naturlige formidlarar.

Dette formidlingsproblemet kan publikasjonar som argument bidra til å forebygge ved å lære opp redaksjonsmedlemmene sine i medial tankegang, alt frå tekstpresentasjon til vinkling og innsyn bak redaktørbrillene. Elementær kunnskap for ein som skal agere i media, anten som debattant eller intervjuobjekt. Dette er viktig kompetanse å kunne tilby studentar ved eit universitet, uavhengig av fagretning, og frivillige initiativ for opplæring i denne disiplinen bør støttast heller enn rivast ned.

Behovet er prekært all den tid det er ei kjennsgjerning at ei rekke forskarar og fagfolk ikkje meistrar media, eller kort sagt ikkje vil ha noko med media å gjere fordi dei ikkje forstår premissa, og ergo fryktar dei, noko som fører til at dei same snakkevillige kjedene frå forskarmiljøa går igjen og igjen. Den offentlige debatten er også prega av få personar som slepp til over alt. Fordi der er vanskelig å skaffe andre. Fordi forskarar manglar formidlingskompetanse og elementær mediekunnskap. Her kan tiltak som argument bidra til opplæring.

Eg kunne ha trekt fram ei rekke eksempel, alt frå kjelder som forlangar å få redigere heile saka di frå a til å, noko ein ikkje har krav på, som ikkje forstår at du ikkje kan skrive femten A4-sider med sitat eller som blir forbanna om du som journalist skriv om eit offentlig arrangement utan å avklare det med dei på førehand. Eg har sjølv vore innkalt på teppet til ein minister på grunn av dette, noko som er i strid med både ytringsfridom og medias frie og nødvendige rolle som vaktbikkje.

Mediakompetansen manglar mange stadar frå grasrota og heile vegen til topps, noko som også er bekymringsverdig all den tid media er ein av dei mektigaste institusjonane vi har med å gjere i vår tid, både nasjonalt og globalt. Media er ansvarlige for offentlig debatt, kontrollerer i stor grad politiske prosessar og har stor innverknad på kva saker ein til ei kvar tid arbeider med i departementa.
Det er eit stort behov for fagfolk med mediekomptanse, og eit stort behov for fagfolk som kan formidle. Difor bør argument, som eit tidsskrift for kompetansebygging og læring, få støtte til å drive vidare på ein forsvarlig måte.
 

Emneord: Studentforhold, Media Av Anne Viken; tidlegare redaktør og oppstartar av argument i 2006
Publisert 12. okt. 2009 14:32 - Sist endra 2. sep. 2014 14:01

argument har ikke fått kuttet støtten - Velferdstinget økte støtten med over 18000 kroner på møtet 5. oktober.

Andreas Snildal - 13. okt. 2009 11:39
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere