Kulturhistorisk museum bør liggja på Bygdøy!

Etter at Kunnskapsdepartementet no har fått gjennomført ei kvalitetssikring av prosjektet nytt kulturhistorisk museum i Oslo, ser det ut til at statsråden har bestemt seg: Det blir inga flytting av vikingskipa til Sørenga, og det nye museet vil bli reist på Bygdøy. Slik utviklinga har vore, er dette ei fornuftig avgjerd, skriv Magnus Rindal, tidlegare leiar for Senter for studier i  vikingtid og nordisk mellomalder ved UiO.

FORNUFTIG AVGJERD: Det er ei fornuftig avgjerd å reisa det nye museet på Bygdøy, skriv Magnus Rindal i dette innlegget.

FORNUFTIG AVGJERD: Det er ei fornuftig avgjerd å reisa det nye museet på Bygdøy, skriv Magnus Rindal i dette innlegget.

Foto: Ola Sæther

Då styret for Universitetet i Oslo i 1998 vedtok å arbeide for eit nytt kulturhistorisk museum på Sørenga, var rammevilkåra heilt annleis enn i dag. Museet skulle få plass i eit unikt område med bygningsrestar frå mellomalderen, ofte kalla Nordens Pompeii. Og det nye museet skulle liggje i eit flott parkområde, med fri tilkomst til sjøen, og vid utsikt til Hovudøya og Akershus.

Men utviklinga ville det annleis. Gjeldande reguleringsplan stengjer mellomalderbyen av frå sjøen med ei massiv rekkje av bygningar i sjøkanten. Eit eventuelt nytt museum vil bli liggjande inneklemt bak denne bygningsmassen. Føresetnadene for flyttevedtaket er såleis sterkt endra.

Frå ein fagleg synsstad har det vore eit viktig argument i flyttesaka at vikingskipa skulle samlokaliserast med resten av materialet frå vikingtida (ca. 800-ca. 1050). Dette er den perioden i norsk kultur og historie som det er størst internasjonal interesse for.

Vikingskipshuset framstiller ei viktig side ved vikingtida, dei dristige sjøferdene og den førkristne kulten. Men vikingtida var så mykje meir. I denne perioden starta rikssamlinga og dei fyrste eksisterande byane blei grunnlagde. Det blei etablert lagting i Noreg med sine eigne lover. Vi fekk ein ny skriftkultur, med latinske bokstavar på pergament. Og nordmennene gjekk over til ein ny religion, kristendomen. Frå ein fagleg synsstad vil det vere svært uheldig med ei delt løysing for det nye museet, med vikingskipa og tilhøyrande gjenstandar på Bygdøy og resten av materialet på Sørenga.

I 1913 vann Arnstein Arneberg vann arkitektkonkurransen om eit nytt museum på Bygdøy med sitt utkast til eit ”Nasjonalmuseum”. Der hadde Norsk Folkemuseum opna portane sine i 1902, og det nye museet skulle reisast i tilknyting til det. Men berre den fyrste delen av bygningen blei fullført, og har sidan 1932 hyst dei tre vikingskipa.

Noreg har enno ikkje eit museum som spenner over Noregs historie frå dei eldste tider til i dag. Ei samanslåing av universitetets kulturhistoriske museum og Norsk Folkemuseum ville gje ein slik institusjon. Dei to musea utfyller kvarandre. Universitetsmuseet har samlingar opp til reformasjonen. Folkemuseet har antikvariske bygningar frå mellomalderen til vår tid, og utstillingar som formidlar Noregs historie, kultur og tradisjonar frå reformasjonstida til i dag. Museet har også ei eiga samisk avdeling, og arbeider med det fleirkulturelle Noreg.

Eit nytt samla museum for Noregs historie heilt opp til vår tid må innehalde meir enn det norske folks historie. Det samiske urfolket må få si historie dokumentert, og dei nasjonale minoritetane må få sin plass. Ikkje minst må dei nye innvandringsgruppene få ein fyldig presentasjon.

Somme har talt mot ei slik samling fordi vi då får eit slags nasjonalmuseum for historie. Men nemninga nasjonalmuseum er for lengst akseptert i den norske offentlegheita. Vi har f.eks. Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design og Nasjonalbiblioteket. Desse institusjonane har eit særskilt ansvar for å samle inn, oppbevare, studere og formidle materiale frå Noreg. Verksemda der må sjølvsagt setje det norske inn i eit større perspektiv, og delta i den internasjonale debatten og utviklinga.

Ei samanslåing av Kulturhistorisk museum og Folkemuseet er ingen føresetnad for flyttinga til Bygdøy, eit fagleg samarbeid kan skje utan samanslåing. Fagleg sett er det avgjerande argumentet at Kulturhistorisk museum bør samlokaliserast, og alt tyder på at vikingskipa ikkje blir flytta frå Bygdøy. Då er valet enkelt, resten av museet må flytte frå Tullinløkka til Bygdøy, og slik realisere visjonen frå 1913.
 

Emneord: Vikingskipshuset, Museene Av Magnus Rindal
Publisert 18. des. 2009 17:19 - Sist endra 2. sep. 2014 14:01
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere