Meksikansk guddom i trappa

Kunstspalta er framleis i nyopna Sophus Bugges hus, denne gongen i hovudtrappa med den kvite veggen. Det var der Triptyque noir av Magdalena Abakanowicz hang. Det kunstverket var tema førre gongen. No er det måleriet Xipe av Arne Malmedal (1937) som har fått plassen.

Foto: © UiO / Arve Kjersheim

Det er lenge sidan dette kunstverket har vore framme. Det er måla i 1968. I 1972 vart målarstykket og Gult bilde av same kunstnar kjøpte inn til Preklinisk odontologi (no Georg Morgenstiernes hus). Der hang dei i vestibylen. Gult bilde har lenge vore i Eilert Sundts hus, men Xipe har vore på lager.

Måleriet er 2,35 meter høgt og krev ein stor vegg. Det har det fått no.

Kunstnaren seier sjølv at Xipe er inspirert av ei reise til Mexico på 1960-talet. Fargane lever intenst på flata, frå mørke til ljos, som frå natt til dag. Ut av fargespelet med horisontale penselstrok veks det fram ein figur av mørkret. Er det Xipe? Ein guddom som mellom anna symboliserte fornying og vår.

Begge måleria til UiO vart viste på separatutstillinga til Malmedal på Kunstnernes Hus i 1969. Utstillinga vart godt motteken. Både Nasjonalgalleriet og Norsk kulturråd kjøpte inn bilete. Men det var først i 1994 at Malmedal slo igjennom som målar, også då med ei utstilling på Kunstnernes Hus. Sidan den gongen er kunstnaren mest kjend for store, monokrome måleri. For Malmedal handlar måleriet framfor alt om å gjere fargen til hovudinnhald på ei flate, slik vi no kan sjå i Sophus Bugges hus.

Av Ulla Uberg UiOs kunstsamling
Publisert 21. apr. 2017 00:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere