Danseband på Farmasi

Ikkje all dekor er kunst. Men all dekor er uttrykk for skapande vilje. Og veggmåleri har som regel ein historie å fortelje.

Foto: Sivert Øydvin

I sommar dukka det fram ei slik historie i 4. etasje i Farmasibygget. Der er det lesesal og eit studentkjøkken som trengte oppussing. Og då kom bileta på veggane fram. Ein signatur nede i eit hjørne fortalde om opphavsperson og år. Med eitt var vi tilbake i 1941.

Målaren heitte Sivert Øydvin (1913-1993)  og han var ein mangfaldig mann. Han studerte latin og var elles aktiv med både regi og scenografi i samband med studentteater. I 1940 hadde han dekorert Aulakjellaren i sentrum. Den dekorasjonen finst ikkje lenger, men dekorasjonen var grunnen til at han fekk oppdraget i det som var festlokalet til studentane i Farmasi. Studentlaget var oppdragsgjevar.

Musikk og dans var ein viktig del av studentlivet. Det ser vi også i dekorasjonen.

Jazzen fyller rommet. Dei som spelar og dansar er kvite. Men ser vi nærare på biletet, ser vi meir. Fleire er med. På søylene er Josephine Baker med det kjende bananskjørtkostymet og svarte musikarar. Det var dei som var opphavet til jazzen. Det ligg nær å tolke dette som ein kommentar til den politiske stoda i landet i krigsåra.

Måleria i lokalet er dekte til med plater. Men danseveggen vert dekt med plexi og blir synleg i det nyoppussa kjøkkenet. Og slik lever studenthistoria i Farmasi vidare.     

Av Ulla Uberg, UiOs kunstsamling
Publisert 21. sep. 2016 11:57
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere