"Eit gjetord gjævt"

Døyr fe;

døyr frendar;

døyr sjølv det same.

Men ordet om deg

aldri døyr

Vinn du eit gjetord gjævt.*

I lokala til Norsk Ordbok 2014 har illustrasjonane til Håvamål gjeve inspirasjon til arbeidet. Neste år skal denne flotte serien finne ny plass på universitetet.

Kunstnaren er Niclas Gulbrandsen (1930–2013). Serien laga han i 1990. Kvart blad har ein tekst frå Håvamål med kunstnaren si visuelle tolking av teksten. Slik syner serien den historiske koplinga til tresnitt-teknikken. Sidan 1400-talet har teknikken vore knytt til det å illustrere tekster. Gulbrandsen tok dette vidare til personlege og frie tolkingar i eit karakteristisk formspråk.

Kunstspalta har tidlegare skrive om eit av blada frå serien. Denne gongen er gjetord tema. Midt i biletet står ein byste på sokkel. To karar står klare med ein laurbærkrans. Så langt er meininga tydeleg. Men kva med personen til høgre? Kva rolle har den i det heile? Med enkle formgrep som svarte felt og kvite strekar skaper kunstnaren ei finurleg biletverd. Fasit får vi ikkje, men rom for tanke og dikt.

I mars neste år kjem det siste bandet av Norsk Ordbok. Med over 300 000 ordartiklar er eit storverk over det norske folkemålet då avslutta. Norsk Ordbok 2014 har vunne «eit gjetord gjævt».

* ES. Den same teksten står på gravstøtta over Ivar Aasen (1813–96) på Vår Frelsers gravlund, der på gammalnorsk.

Av Ulla Uberg
Publisert 17. des. 2015 14:48
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere