Nettsider med emneord «Midtausten»

Publisert 22. feb. 2024 15:00

Om fordømminga frå UiO-rektoratet skal ha nokon verdi, bør UiO straks kutta ut alle avtalar med selskap som leverer våpen til dei krigførande partane i Gaza.

Publisert 31. jan. 2024 04:30

Dei to Midtausten-ekspertane Bjørn Olav Utvik og Brynjar Lia ved UiO støttar ikkje oppropet om å innføra akademisk boikott av Israel. – Eg meiner at me som har Midtausten som forskingsfelt bør vera blant dei siste til å kutta banda til forskarkollegaer og relevante forskingsinstitusjonar og universitet i regionen, seier Brynjar Lia.

Portrett av ein mann
Publisert 21. nov. 2023 04:30

Dei ni UiO-studentane som deltar på studieprogrammet for jødiske vegvisarar på Det teologiske fakultetet er flytta frå den israelske grensa mot Libanon til ein tryggare stad lengre sør i Nord-Israel.

Publisert 9. nov. 2023 04:30

– Israel og dei andre aktørane i regionen og verdssamfunnet kan ikkje unnlata å sjå behovet for å fremja ei politisk løysing på konflikten mellom Israel og Palestina. Det seier førsteamanuensis Daniel Sobelman på Det hebraiske universitetet i Jerusalem.

Publisert 8. nov. 2023 12:31

– Det blir nok ikkje mogleg for meg og Mads å koma inn i Gaza, før det blir ei våpenkvile.  Det seier medisinprofessor Erik Fosse som no er heime i Oslo igjen etter å ha venta i over to veker på å koma inn i det krigsramma området.

Portrett av ei kvinne
Publisert 26. aug. 2022 08:48

– Tidleg førebygging  mot ekstremisme er å skapa robuste lokalsamfunn, frå sosial inkludering til kritisk tenking. Det andre er å fanga opp dei som fell utanfor. Det trur UiO-forskaren Cathrine Thorleifsson, som leier den regjeringsoppnemnde Ekstremismekommisjonen.

Eit portrett av ein mann på Skype.
Publisert 7. juni 2021 04:30

Lege Dr. Khamis Elessi driv forsking på Det islamske universitetet i Gaza saman med Universitetet i Oslo. Etter å ha halde ut ti dagar med bombing orkar han ikkje meir. – No ynskjer eg og familien min å dra herifrå, og eg håpar det kan vera mogleg å få ei forskarstilling på Universitetet i Oslo, fortel han.

Publisert 19. feb. 2019 07:17

– Alle er einige i at observatørkorpset i Hebron har dempa den generelle spenninga mellom busetjarane og palestinarane i Hebron. Det seier UiO-forskar Olav Gjertsen Ørum som har arbeidd som tolk for observatørkorpset som no er lagt ned.

Publisert 5. nov. 2018 20:04

I Kirkenes blei innvandrarmotstandarar forvandla til dei syriske flyktningane sine reddande englar i 2015, medan  krigen i Syria i Midtausten har  overskygga konflikten mellom palestinarar og Israel. Ekstremismeforskar Cathrine Thorleifson (biletet) har kome med gode råd i flyktningdebatten for å hindra at ytre høgre tar den.

Publisert 3. nov. 2016 16:04

Me åtvarar mot at norske forskarar går inn i eit samarbeid med Israel der dei hjelper landet med å utvinna gass og olje frå den del av kontinentalsokkelen i Middelhavet som tilhøyrer det palestinske folket, skriv Uniforum-redaktør Martin Toft.

Publisert 13. sep. 2016 18:18

– Under Den andre verdskrigen var Europa dåtidas Midtausten. Det var i denne verdsdelen seks millionar jødar blei myrda og gassa i hel i konsentrasjonsleirane. Det minna utanriksminister Børge Brende om då han heldt Arena-førelesinga ved UiO på Blindern i ettermiddag.

Publisert 20. mai 2016 02:00

– Dette er ein fin sjanse for meg til å få god arbeidserfaring. Det seier Tabassom Fanaian som er den første flyktningen som har fått plass på akademisk praksis ved UiO.